Barnevernkonsulent

Arbeidsgiver
Barnevernstenesta i Vang og Vestre Slidre kommune, Vestre Slidre kommune
Stillingstittel
Barnevernkonsulent
Frist
13.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune har ledig 100% fast stilling som barnevernkonsulent. Det er også ledig eit vikariat i deltid ut 2024 med moglegheit for forlenging.

Har du lyst til å vere med å utvikle tenesta vår? Då bør du nytte moglegheita til å søke no!

Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune er ei interkommunal teneste der Vestre Slidre er vertskommune. Tenesta består av 7,7 årsverk godt utdanna og engasjerte fagfolk. Tenesta er organisert under verksemnda familie, helse og førebygging. Barneverntenesta har fokus på å bygge gode og skreddarsydde tiltak for barn, unge og familiar der dei bur, i tråd med ny oppvekstreform som trådde i kraft i 2022. Barnevernet har eit stort fokus på korleis vi organiserer tenesta for å sikre kvalitet og effektivitet i sakshandsaming. Det leggjast stor vekt på tverrfagleg samarbeid innad og ut mot andre tenester.

Tenesta jobbar i hovudsak etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver knytt til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak, omsorgstiltak/fosterheim og ettervern.



Arbeidsoppgåver

  • Undersøking og oppfølging av hjelpe- og omsorgstiltak
  • Dokumentasjon, vedtaksskriving og overhalding av fristar i tråd med lovverk
  • Partsrepresentant i Fylkesnemnda og øvrige rettsinstansar
  • Deltakelse i akuttarbeid i barneverntenesta
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • 3-årig relevant utdanning på høgskule-eller universitetsnivå som barnevernspedagog, sosionom eller liknande utdanning
  • Det er ynskjeleg med masterutdanning eller annan relevant vidareutdanning
  • Det er ynskjeleg med erfaring innan kommunal barnevernteneste
  • Førarkort klasse B (Krav)

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer deg som:

  • har god relasjonskompetanse
  • kan uttrykke deg godt munnleg og skriftleg
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • har gode samarbeidsevner både internt og mot eksterne aktørar
  • er fleksibel og har høg arbeidskapasitet og evne til å stå i krevjande situasjonar
  • har eit fagleg engasjement
  • er trygg, raus og har evne til å bruke humor og varme i fagutøvinga
  • vil bidra til gode tverrfaglege løysingar
  • har ei grunnleggande positiv innstilling

Personleg egnethet vil bli tungt vektlagt.

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Nytilsette blir automatisk innplassert på minimum 8 års ansiennitet.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Eit inkluderande, engasjert og kompetent arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling

Kontaktinformasjon

Randi Stenberg, barnevernleiar, 97781956, randi.stenberg@vestre-slidre.kommune.no

Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, melanie.degen@vestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Slidrevegen 16

2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune



Referansenr.: 4801906606

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Barnevernspedagog, Rådgivning
FINN-kode
349294597
Sist endret
22. apr. 2024 08:07