Inaktiv

Avlastar i eigen heim

Arbeidsgiver
Klepp kommune, administrasjon miljøtenesta
Stillingstittel
Avlastar i eigen heim
Frist
06.05.2024

Beskrivelse

Vi har behov for å komme i kontakt med rause familiar eller personar som ønske å hjelpe andre familiar som treng avlasting frå omsorgsoppgåver sine. Du/de har ekstra overskot, omsorg og motivasjon til å ta imot eit besøksbarn ei helg (2 døgn) i månaden + eventuelt ei ferieveke pr. år i eigen heim.

- Vi treng ein avlastar heim for glad jente 4 år med barneautisme. Ho treng tilsyn og oppfølging 1:1 store deler av døgnet.
Treng du fleire detaljer ta kontakt med kontaktperson.

- Vi treng og personar til "banken" som ønske å bidra med timebasert avlasting i vekedagar/helger utan overnatting og avlasting døgn.

Merk!
I periodar er behovet for godkjente avlastarar større, enn andre periodar, og vi er derfor avhengig av å opparbeide oss en «bank» med ledige avlastarar. Dette betyr at du kan bli kalla inn til intervju, men får kanskje ikkje oppdrag med det same.



Arbeidsoppgåver

  • Avlastar i eigen heim
  • Individuell tilrettelegging for aktuelt barn
  • Oftast ei helg per månad, i nokre høve i feriar og vekedagar

Kvalifikasjonar

  • Politiattest vert kravd av alle som bur i husstanden som er over 18 år
  • 2 referansar
  • Ein må kunne binda seg til minimum eit år
  • Sertifikat og bil

Personlege eigenskapar

  • De er omsorgsfulle, fleksible og har gode samarbeidsevner
  • Erfaring og kjennskap til barn med særskilte bistandsbehov
  • De er pålitelege, tolmodige og strukturerte

Vi tilbyr

  • Deltidsstilling
  • Fast tilsetting, løn og godtgjering etter KS sin Særavtale SGS 1030
  • Opplæring og oppfølging vil bli gitt

Kontaktinformasjon

Johanne Helene Grutle Haara, +47 90207778

Arbeidsstad

Solavegen 1

4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune



Referansenr.: 4802503152

Stillingsprosent: 18%

Fast

Søknadsfrist: 06.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Solavegen 1, 4351 Kleppe
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
349292645
Sist endret
22. apr. 2024 08:05