Overstyrmann i sambandet Stranda-Liabygda, pt. MF Volda

Arbeidsgiver
Fjord1 AS
Stillingstittel
Overstyrmann i sambandet Stranda-Liabygda, pt. MF Volda
Frist
06.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i vakre omgjevnadar i sambandet Stranda-Liabygda, pt. MF Volda. I løpet av året vert MF Volda erstatta med den nye elferja MF Sunnylvsford! I Fjord1 får du jobbe med fantastisk dyktige kollegaer og i eit selskap med mange karrieremoglegheiter!

Skiftordning: Døgnvakt, 2 veker på og 2 veker av. Du er din eigen ferievikar om sommaren der mannskapet går 3-3 ein periode.

Søkar bør bu lokalt, men hybel er tilgjengeleg på Stranda ved behov.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!



Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling
  • Avløysar for skipsførar
  • Ettersyn på navigasjonsutstyr
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
  • Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov
  • Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
  • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
  • Opplæring, utvikling og trening av personell
  • At mannskapet har riktig verneutstyr
  • At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
  • At kommunikasjonsutstyr er i orden
  • At billettering og kontroll vert utført
  • At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3 sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandteringskurs
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

  • Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Fleksibel
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning: Døgnskift, 2 veker på og 2 veker av

Kontaktinformasjon

Solveig Bjørnvold, Bemanningskoordinator, +47 47904789

Arbeidsstad

Fv60

6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS



Referansenr.: 4802795028

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 06.05.2024


Sektor
Privat
Sted
Fv60, 6200 Stranda
Stillingsfunksjon
Annet, Ledelse, Sjøfart / Dekksoffiser
FINN-kode
349291388
Sist endret
22. apr. 2024 07:11