Inaktiv

Barnehagelærar

Arbeidsgiver
Sveio kommune
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
06.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Sveio kommune har løpande opptak og søkjer nå fleire kollegaer pga av auka barnetall. Håpar du vil søkje stilling hos oss!

Sveio barnehage søkjer deg som har høg fagleg kompetanse og er motivert for å delta i utvikling av kvalitet i barnehagen. Dei komunale barnehagane i Sveio skal vera arena for tidleg innsats og trygt og godt barnehagemiljø.

Sveio barnehage er ein kommunal barnehage som ligg sentrumsnært. Me har kort veg til skog og hei, vatn, bibliotek, skule, symjehall, idrettsanlegg, Salamanderpark og kjøpesenter. Barnehageåret 23/24 er det 48 barn i barnehagen fordelt på tre avdelingar, 1-6 år. Visjonen vår er: Robuste barn meistrar livet. Me har fokus på natur, berekraft og kosthald.

Personalet er aktivt og engasjert som brenner for arbeidet sitt. Dei tilsette har høg kompetanse og lang erfaring. Me er med i Regional kompetanseheving (Rekom) sammen med dei andre kommunale barnehagne og i partnarskap med høgskulen HVL der me arbeider systematisk med barnehagen som pedagogisk verksemd. Fokus er planlegging, evaluering, progresjon og dokumentasjon i det pedagogiske arbeidet.Me ser og fram til å kome i nybygg om ikkje så altfor lenge.

Sveio barnehage søkjer barnehagelærar vikariat 40 % stilling frå 15.08.24 - 14.08.25.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeida med og setje i verk det pedagogiske innhaldet i barnehagen i tråd med godt fagleg skjønn
  • Arbeida målretta for å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Planleggge, gjennomføre og dokumentere , vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa.
  • Rettleiing av personale og delta aktivt i utvikling av det profesjonelle læringsfellesskapet i barnehagen
  • Foreldresamarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Prosjektarbeid

Kvalifikasjonar

  • Godkjent barnehagelærarutdanning eller annan relevant utdanning som kvalifiserer for arbeid som pedagog i barnehage.
  • Politiattest må framvises ved oppstart i stillinga.
  • Me vektlegg personlege eigenskapar.

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert, kreativ, har godt humør og kan undre deg saman med barna
  • Har god relasjonskompetanse og god omsorgsevne
  • Har gode leiareigenskapar og er fagleg sterk
  • Er god på samarbeid og evner å skape gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer
  • Ynskjer å være med å vidareutvikle barnehagen. Være med i endringsprosessar.
  • Kan arbeide sjølvstendig, være løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
  • Har god forståing og evne til planleggings- og evalueringsarbeid
  • Er glad i friluftsliv
  • Har evne til å væra ein tydeleg rollemodell for barn og vaksne

Vi tilbyr

  • Ein jobbkvardag der ingen dagar er like
  • Kompetente og dyktige kollegaer i eit utviklande barnehagemiljø kor ein framsnakkar kvarandre og har positive forventingar til kvarandre.
  • Eit spennande arbeidsmiljø med gode muligheter for fagleg påfyll
  • Lønn etter gjeldande tariff

Kontaktinformasjon

Kristin Tveit Beiermann, Einingsleiar Sveio barnehage, 400 48 148

Arbeidsstad

Sveiogata 70

5550 SVEIO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune



Referansenr.: 4802722221

Stillingsprosent: 40%

Vikar

Søknadsfrist: 06.05.2024


Sted
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
349288587
Sist endret
22. apr. 2024 06:39