Inaktiv

Er du vår nye IPS jobbspesialist?

Arbeidsgiver
NAV Årstad (regionkontor Bergen)
Stillingstittel
IPS jobbspesialist region Bergen
Frist
03.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi i IPS Bergen søker ein motivert jobbspesialist med stort pågangsmot som vil jobbe i eit pulserande og nyskapande miljø. Har du gode kommunikasjonsferdigheiter og er ein nettverksbyggjar som vil jobbe med rekruttering? Er du ein person som kan vera tydeleg og direkte? Er du energisk og uredd? Då kan du vera akkurat den personen vi leitar etter!

IPS Bergen har ledig ei fast stilling som IPS-jobbspesialist. Individuell jobbstøtte (IPS) er en modell og metode for tett oppfølging av personar med psykiske lidingar som ønsker arbeid, og som har behov for behandling samtidig med arbeidsretta bistand. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få, behalde og klare å stå i ordinær utdanning eller lønna arbeid.

IPS Bergen består av 20 jobbspesialistar som er tilsett i NAV. I tillegg er jobbspesialistar frå Bergen kommune ein del av fagmiljøet. Du vil ha kontorstad på eit av våre distriktspsykiatriske senter (DPS) når du ikkje er ute i møter eller på jobbutvikling. Det er stort engasjement i avdelinga og dei tilsette er opptatt av nå måla som er sett.

Om du ønsker å bidra på eit svært viktig samfunnsområde kan denne stillinga vere aktuell for deg. Det er viktig at du har trua på at alle menneske kan få og behandle ein vanleg jobb til tross for psykiske helseproblem, kulturell bakgrunn eller andre utfordringar. Dine personlege eigenskapar og erfaring frå IPS vil bli vektlagt, og i søknadsteksten ber vi deg sei noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.



Arbeidsoppgåver

  • Jobbe etter IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, NAV og studiestader/arbeidsgivarar
  • Oppsøke utdanningsinstitusjonar og bedrifter, skapa dialog og bygge nettverk
  • Vere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og studiestadar/arbeidsgjevarar (65% av arbeidstida)
  • Følge opp eigen portefølje på 20 deltakarar og identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt matche desse med riktig utdanning/jobbar
  • Rettleie jobbsøkarane i søkeprosessen
  • Engasjere og motivere både jobbsøkar, studiestadar, arbeidsgivarar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar
  • Bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteamet
  • Dokumentere arbeidet i fagsystem

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • god datateknisk forståing slik at du klarer å handtere ulike fagsystem
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • erfaring med IPS eller god kjennskap til prinsippa i IPS (erfaring frå Supported Employment kan og vere aktuelt)

Det er ønskeleg at du har:

  • kunnskap om utdanningsmoglegheiter, samt lokal og regional arbeidsmarknad
  • erfaring frå oppsøkande verksemd og nettverksbygging
  • god rettleiingskompetanse eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
  • kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helseutfordringar

Vi ser etter deg som

  • Er god til å kommunisere med ulike menneske og som skaper gode og trygge relasjonar
  • Er god til å motivere og inspirere
  • Kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere uventa hendingar
  • Trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat
  • Er sjølvgåande med evne til eigenmotivasjon

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å utgjera ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
  • Ein spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
  • Eit godt fagmiljø med fokus på tenesteutvikling og ambisiøse mål
  • Opplæring, kurs og kompetanseheving
  • Gode og inkluderande kollegaer og godt arbeidsmiljø på eit kontor med høgt tempo
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
  • Stillingskode 1434 Rådgjevar i lønnsspenn frå kr. 540 500 til kr. 604 900,- per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.

Kontaktinformasjon

Aina Merete Steinsland, Avdelingsleder, 91364345, aina.merete.steinsland@nav.no

Arbeidsstad

Møllendalsveien 6

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV



Referansenr.: 4799104175

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Møllendalsveien 6, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Helsepersonell, Konsulent
FINN-kode
349286596
Sist endret
19. apr. 2024 11:47