Inaktiv

Kulturskulelærar -  50% fast stilling

Arbeidsgiver
Kultur og fritid, Stranda kommune
Stillingstittel
Kulturskulelærar, 45% fast stilling
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 50 % fast stilling som kulturskulelærar frå 01.08.24.

Stillinga er fordelt slik:

15% pianoundervisning
15% gitarundervisning
20% songundervisning


Ein kan søkje på heile eller deler av stillinga.

Arbeidsstad og oppmøtestad er kulturskulen sine lokale i Stranda sentrum.

Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal scannast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.



Arbeidsoppgåver


  • Undervisning til elevar i alle aldrar og nivå, både individuelt og i grupper
  • Tilrettelegging for eit inspirerande og inkluderande læringsmiljø
  • Utvikling og planlegging av undervisninga
  • Samarbeid med andre lærarar i kulturskulen
  • Bidra til arrangement og konsertar
  • Akkompagnere elevar ved behov

    Kvalifikasjonar

    • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
    • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Lang og relevant erfaring frå fagområdet kan kompensere for utdanningskravet
    • Erfaring frå undervisning i kulturskule eller liknande arbeid
    • Gode kommunikasjonsevner
    • Gode ferdigheiter i norsk språk, skriftleg og muntleg
    • Evne til å motivere og inspirere elevar
    • Praktisk kompetanse i grunnleggande besifringsspel
    • Gyldig førarkort for personbil og disponere eigen bil
    • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

    Vi tilbyr

    • Kulturskulen disponerer tenlege og moderne lokale ved Storfjord Kulturhus i Stranda sentrum
    • Rammeplan for Kulturskulen «Mangfald og fordjuping» er vedteken i Stranda. Den som vert tilsett vil verte aktiv medspelar for implementering av rammeplanen i Kulturskulen.
    • Felles møtestid på Kulturskulen kvar veke
      Stor fridom og stort ansvar. Gode moglegheiter for faglege utfordringar og utvikling, åleine og i samarbeid med kollegaer.
    • Stranda kulturskule ønskjer å tilby «familievenlege» arbeidstider der så mykje som mogleg av arbeidstida vert lagt til dagtid (før kl. 17:00). Noko arbeid på kveldstid/helg må likevel påreknast.
    • Lønn og rettar etter gjeldande avtaleverk
    • I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt

    Offentleg tenestpensjon


    Kontaktinformasjon

    Evgenii Zhukov, Fagleiar, 46411055, evgenii.zhukov@stranda.kommune.no

    Arbeidsstad

    Øyna 13

    6200 Stranda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stranda kommune



    Referansenr.: 4800053865

    Stillingsprosent: 45%

    Fast

    Startdato: 01.08.2024

    Søknadsfrist: 05.05.2024


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Øyna 13, 6200 Stranda
    Stillingsfunksjon
    Undervisning og pedagogikk
    FINN-kode
    349283646
    Sist endret
    22. apr. 2024 06:35