Inaktiv

Heimetenesta

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Heimetenesta
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, 60% fast natt
Frist
03.05.2024

Beskrivelse

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som helsefagarbeidar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent helsefagarbeidar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.

Det vert no lyst ut 60% fast stilling natt for helsefagarbeidar i heimetenesta. Sonekontor på Straume. Stillinga ligg i årsturnus.

Arbeidsoppgåver:

  • Helsefaglege oppgåver og omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim

  • Primærarbeid

  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Fagbrev som helsefagarbeidar

  • Tilsette som er under utdanning/ venter på fagprøve eller som har kort tid igjen av læretida kan være aktuell inn i stillinga om det ikkje melder seg kvalifiserte søkarar

Andre krav:

  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg

  • Søkjar må ha førarkort for bil

  • Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Kompetent, open, påliteleg og engasjert

  • Fleksibel og løysningsorientert

  • Gode etiske og faglege haldningar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig

  • Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø

  • Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • IA bedrift

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer

  • Interessante utfordringar

  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Einingsleiar Marianne V. Berland, tlf 56 16 16 60 / 901 59 103

Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56 16 05 02 / 950 71 121

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
349283553
Sist endret
25. apr. 2024 06:54