Inaktiv

Ledige stillingar som miljøterapeut, fagarbeidar og assistent

Arbeidsgiver
Oppvekst, Gloppen kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut/fagarbeidar/assistent i oppvekst 2024/25
Frist
10.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi treng nye medarbeidarar i skular og kommunal barnehage for skuleåret 2024/25.

Skulane i Gloppen har ledig fleire delstillingar for miljøterapeut, fagarbeidar og assistent for komande skuleår. Stillingane vil i utgangspunkt vere tilsett på skuleår, med unntak for stillingar knytt til SFO. Dei mest aktuelle arbeidsstadane er Sandane skule, Nordstranda skule og Gloppen Ungdomsskule. Andre skular kan også bli aktuelle. Det er i utgangspunktet vikariat/mellombelse stillingar, men nokre kan verte faste. Vi vil sjå stillingane i samanheng for å kunne vurdere om dei let seg kombinere for større stillingsprosentar.

Hyen barnehage har ei ledig mellombels delstilling som assistent komande barnehageår.

Vi oppmodar deg som jobbar i mellombels stilling i kommunen til å søkje på denne utlysinga. Gjer vel og prioriter arbeidsstad i søknaden.



Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåver i skulen

  • Arbeid på skulefritidsordning (SFO)
  • Arbeid med enkeltelevar eller i grupper
  • Arbeid på avdeling i barnehage

Kvalifikasjonar

  • For nokre av stillingane ynskjer vi relevant bachelor utdanning.
  • For andre stillingar søkjer vi primært etter fagarbeidar, men det kan bli aktuelt å vurdere andre bakgrunnar.
  • Kunnskap om teikn til tale/ASK vil vere ein fordel.
  • Praksis frå arbeid med barn.
  • Søkjar må vere stødig i norsk både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Positiv innstilling til arbeid med barn med ulike hjelpebehov.
  • Fleksibilitet og engasjement.
  • Vilje og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr

  • Arbeidsplass med fokus på fag og utvikling.
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP.

For tilsetjing gjeld ei prøvetid på seks månader.

Det må leverast politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Laila Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 418 03 716

Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 913 31 262

Elisabeth Sunde Andenes, Rektor Nordstranda skule, 958 69 279

Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, 924 07 655

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune



Referansenr.: 4801008141

Stillingsprosent: 50%

Vikar

Søknadsfrist: 10.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
349273441
Sist endret
02. mai 2024 10:26