Inaktiv

Undervisningsstillinger Realfag

Arbeidsgiver
STO - STORD VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstillinger Realfag
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Skulen tilbyr også opplæring for vaksne og me har kursverksemd i forskjellige fag.

Stord vidaregåande skule skal i løpet av nokre år ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.

Skulen har ledig inntil 200 % fast stilling frå 01.08.24. I disse stillingene ligg hovudsakleg undervisning i matematikk og naturfag, både yrkesfagleg og studieførebuande. Kompetanse i geografi og teknologi- og forskningslære er også ønskeleg. Biologi kan i denne ein fordel. Kontaktlærarfunksjon kan i skuleåret 24/25 inngå i ei av stillingane.

Skulen har også behov for eit 100% vikariat fra 01.08.24 fram til 15.01.25. Det kan vere aktuelt å forlenge heile eller delar av stillinga ut skuleåret 24/25. I stillinga ligg undervisning i teknologi og forskingslære 2, matematikk 1PY, 1P, 2P og naturfag.



Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike realfag
  • Planleggja, gjennomføringa og evaluera undervisning
  • samarbeida med andre på skulen

Kvalifikasjonar


  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse,jf.Forskrift til Opplæringslova §14-4
  • Undervisningskompetanse innan det aktuelle fagområdet, minimum 60 stp.
  • Minimum utdanning på bachelornivå
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram godkjent politiattest Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Personlege eigenskapar

  • Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
  • Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
  • Lika å omgåast ungdom
  • Er systematisk og nøyaktig
  • Er løysingsorientert
  • Har fagleg integritet

Vi tilbyr

  • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Eit engasjert fag- og arbeidsmiljø i samspel med eleavr, føresette og kollegaer

Me gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Joao Luis Adelino Freitas Loureiro, avdelingsleiar, 93031566

Arbeidsstad

Saghaugen 3

5411 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4800908307

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 15.01.2025

Søknadsfrist: 01.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Saghaugen 3, 5411 Stord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
FINN-kode
349256702
Sist endret
22. apr. 2024 06:09