Inaktiv

Undervisningsstilling språk

Arbeidsgiver
STO - STORD VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling språk
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Skulen tilbyr også opplæring for vaksne og me har kursverksemd i forskjellige fag.

Stord vidaregåande skule skal i løpet av nokre år ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.

Språk-, samfunnsfag-, økonomi- og mediaavdelinga ved skulen har fleire ulike seksjonar, og har omlag 30 tilsette.

Me har ledig 100% fast stilling i engelsk. I tillegg har me ledig om lag 200% vikariat fordelt på engelsk, norsk YF og framandspråk (tysk/spansk). Me er også interessert i å høyra frå deg som har utdanning i norsk som andrespråk.



Arbeidsoppgåver

  • Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
  • Samarbeida med andre på skulen

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse,jf.Forskrift til Opplæringslova §14-4
  • Undervisningskompetanse innan det aktuelle fagområdet, minimum 60 stp.
  • Minimum utdanning på bachelornivå
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram godkjent politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Personlege eigenskapar

  • Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
  • Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
  • Likar å omgåast ungdom
  • Er systematisk og nøyaktig

Vi tilbyr

  • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Engasjert fag- og arbeidsmiljø
  • Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer.

Me gjer merksam på at i fylge off.lova § 25 2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar vil alltid verta kontakta før offentleggjering av søkarliste.

Kontaktinformasjon

Arild Ingvaldsen, avdelingsleiar, 97540187

Arbeidsstad

Saghaugen 3

5411 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4800931048

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 01.05.2024


Antall stillinger
3
Sted
Saghaugen 3, 5411 Stord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
FINN-kode
349256214
Sist endret
19. apr. 2024 08:20