Tilkallingsvikar i Sirdalsskulen

Arbeidsgiver
Sirdal kommune Enhet skule
Stillingstittel
Tilkallingsvikar i Sirdalsskulen
Frist
30.08.2024

Beskrivelse

Er du ein omsorgsfull, fleksibel, humørfylt og ansvarleg person som har lyst til å arbeida med barn, ungdom og vaksne?

Då er kanskje dette noko for deg!

Sirdal kommune treng tilkallingsvikarar til:

  • Tonstad skule og SFO
  • Sinnes skule og SFO
  • Sirdal vaksenopplæring

Som tilkallingsvikar i Sirdalsskulen vil du kunne ta del i alle sider ved det daglege arbeidet i skulen og skulefritidsordninga. Dei konkrete behova vil variera frå skule til skule, og det er den enkelte skulen som tar kontakt med deg ved behov.

Kvalifikasjonar

  • gjerne høgskuleutdanning eller fagarbeidarutdanning
  • erfaring frå skule eller skulefritidsordning
  • anna relevant utdanning og erfaring
  • personlege eigenskapar: Omsorgsfull, fleksibel, ansvarsmedviten, relasjonell og leiken

Vi tilbyr

  • utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
  • moglegheit til å bety noko for kvardagen til barna og dei vaksne
  • engasjerte og trivelege kollegaer
  • mange flotte barn og deltakarar

Det blir kravd at alle som skal arbeida i skulen, må levera politiattest.

For nærare opplysningar ta kontakt med:

Rektor ved Tonstad skule: Petter Røssland, tlf. 971 62 627

Rektor ved Sinnes skule: Åse-Berit Fidjeland, tlf. 945 21 258

Rektor ved vaksenopplæringa: Gry Iren Josdal, tlf. 992 62 263


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Tonstadveien 28, 4440 Tonstad
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
349248880
Sist endret
19. apr. 2024 10:45