Undervisningsstilling spansk og tysk

Arbeidsgiver
VOG - VOSS GYMNAS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling spansk og tysk
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Voss gymnas er ein kombinert vidaregåande skule, og har om lag 600 elevar og 90 tilsette. Skulen opna 1.august 2017 i nytt skulebygg med eit stort idrettsanlegg. Skulen tilbyr utdanningsprogramma;Informasjonsteknologi og medieproduksjon, Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, Sal, service og reiseliv, Helse- og oppvekstfag, Studiespesialisering, Idrett, Toppidrett-ski, Kunst, design og arkitektur og Musikk, dans og drama. Skulen har i tillegg ein klasse med Påbygging til generell studiekompetanse og ansvar for Vestland fylkeskommune si klasse i Frankrike.

Arbeidsoppgåver

Voss gymnas har ledig fylgjande vikariat skuleåret 2024-2025:

  • Tysk 43%
  • Spansk 43%

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning/universitetsutdanning.
  • Det er ønskjeleg med kompetanse i andrespråkspedagogikk for stillinga i norsk.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.

Personlege eigenskapar

Du som vert tilsett må vere målretta og systematisk, set eleven si læring og utvikling fremst. Du er ein tydeleg og støttande leiar i klasserommet, og har evne til å samarbeide, finne fleksible løysingar og du kan motivere elevane til å gjere ein ekstra innsats. Du har vilje til å initiere og ta del i skulen sitt utviklingsarbeid.

Vi tilbyr

  • Løn etter kompetanse og ansiennitet.
  • Nytt og moderne skulebygg.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Godt arbeidsmiljø

Andre opplysningar

  • Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Nelly Nora Naasen, avdelingsleiar, 90126969

Arbeidsstad

Gymnasvegen 5

5700 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4799372630

Stillingsprosent: 86%

Vikar

Startdato: 12.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 05.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Gymnasvegen 5, 5700 Voss
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
349246334
Sist endret
29. apr. 2024 01:02