Inaktiv

Skanner operatør

Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Stillingstittel
Skanner operatør
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?

Ulstein Verft, som er ein del av skipsbyggingsområdet i Ulstein Group, er inne i ei spanande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet og vi har difor behov for å auke bemanninga vår knytt til kontroll og kvalitet med operatør til vår Leica RTC360 3D-scanner.

Vi er på jakt etter deg med personleg driv til å planlegge og gjennomføre skanning og dimensjonskontroll både på våre nybygg under bygging i Ulsteinvik, ved våre samarbeidsverft i Europa, hos underleverandørar og ved vurdering og planlegging av ettermarknadsoppdrag. Noko reiseverksemd på påreknast i stillinga. Opplæring i relevant programvare vert gitt.

Søkjarar vil verte vurdert fortløpande.



Oppgåver du vil jobbe med

  • Skanning og etterbehandling av data/punktskyer for dimensjonskontroll ved eige anlegg samt ved skrogverft i Europa
  • Skanning og etterbehandling av punktskyer i samband med vurdering av ettermarknadsoppdrag
  • Utvikle og levere rapportar etter skanning for dimensjonskontroll

Kvalifikasjonar, kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Har du kvalifikasjonane vi ser etter vil vi gjerne kome i kontakt med deg

  • Fagleg kompetanse innan stålkonstruksjonar og gjerne dimensjonskontroll
  • Erfaring med programvare Leica 3DR og Cyclone register 360, evt anna 3D-software vil vere ein fordel
  • God tverrfagleg teknisk forståing
  • Erfaring frå skipsbygging og maritim næring vil verte tillagt vekt
  • Gode engelskkunnskapar

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

Ulstein Verft byr på ein variert jobb, gode kollegaer og moglegheiter for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar.

Vi tilbyr

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Konkurransedyktig løn

Kontaktinformasjon

Ole Osnes Gjerde, Hull Manager, +47 99 59 71 75

Arbeidsstad

Osnesvegen 110

6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS



Referansenr.: 4793781604

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.04.2024


Sektor
Privat
Sted
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Teknisk personell, Annet
FINN-kode
349244019
Sist endret
19. apr. 2024 06:46