Seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan tilby av fjord og fjell. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Medisinsk sengepost Volda har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 01.07.2024.

Sengeposten har 30 sengeplassar og tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar. Dette er ein arbeidsplass med god breidde i kompetanse.

Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeider tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda. Klinikksjef er næraste overordna.

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.



Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift i seksjonen og samarbeid med andre seksjonar
  • Fag-, personal- og resultatansvar
  • Ansvar for ressursstyring, sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen
  • Utvikle mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar
  • Aktiv deltaking i leiargruppa i klinikken

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein leiar med sjukepleiefagleg utdanning
  • Relevant leiarutdanning eller leiarerfaring vert vektlagt
  • Det er ønskjeleg med relevant klinisk erfaring frå fagområdet
  • God datakompetanse
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er ein synleg og tydleg leiar for dine tilsette
  • Du kan motivere og inspirere andre
  • Du kan arbeide i team med ulike profesjonar
  • Du er endringsvillig og handlekraftig
  • Du er nytenkande og løysingsorientert
  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Øyvind Nytun, Klinikksjef, 92807372

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4801357315

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
349241211
Sist endret
19. apr. 2024 06:11