Inaktiv

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Luster kommune Luster omsorgssenter
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til Luster omsorgssenter.

Stillingsinformasjon

  • Luster omsorgssenter, sjukeheim, har ledig fast 60% stilling som helsefagarbeidar
  • For stillinga gjeld todelt turnus med arbeid kvar 3. helg, evt. langvakter med kvar 4. helg
  • Me har og ledige helgestillingar for assistentar/helsefagarbeidarar

Arbeidsoppgåver:

  • Pleie og omsorg til langtidspasientar
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Samarbeid med andre yrkesgrupper på omsorgssenteret

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som helsefagarbeidar
  • Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel
  • Ønskje om erfaring frå eldreomsorg

Me legg vekt på:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Løysingsorientert

Me kan tilby:

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Dalsdalen 1, 6872 Luster
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
349240069
Sist endret
19. apr. 2024 05:59