Psykolog/Psykologspesialist

Arbeidsgiver
Klinikk PBU, BUP Ytrebygda, Helse Bergen
Stillingstittel
Psykolog
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønsker du deg ein fagleg engasjerande, variert og meiningsfull jobb på ein poliklinikk med eit godt arbeidsmiljø? Likar du å jobbe sjølvstendig med god støtte frå fagleg kompetente medarbeidarar? Er du løysingsorientert og opptatt av å ha det kjekt på jobb sjølv om arbeidskvardagen kan vere travel? Då er du rett person for oss! Vi har ei ledig 100% fast stilling for psykolog (fortrinnsvis spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi eller tilsvarande) som vi oppmodar deg til å søke på.

BUP Ytrebygda held til på Nesttun og gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 13 500 barn i opptaksområdet, som består av byområdet Ytrebygda i Bergen kommune, og Bjørnafjorden kommune. Poliklinikken har ca. 30 tilsette, med ulik kompetanse og erfaring. BUP Ytrebygda og BUP Fana er samlokalisert og samarbeider om enkelte pasientgrupper og tilbod. Vi er organisert i to geografiske team, noko som gjer at alle får erfaring med utgreiing og behandling av alle typar psykiske lidingar og nevroutviklingsforstyrringar i heile aldersspekteret.

For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg. Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr. Lov om Helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).



Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing av psykiske lidingar hos barn og ungdom
  • Individuelt tilpassa behandling (individuell behandling, familiebehandling, gruppebehandling)
  • Råd (konsultasjon) og rettleiing til skular, barnehagar og 1.linjetenesta
  • Samarbeid med kommunehelsetenesta, barneverntenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta
  • Det blir forventa at psykologspesialistar gir rettleiing til psykologar under spesialisering og at dei deltar i poliklinikken sitt inntaksteam

Kvalifikasjonar

  • Godkjend autorisasjon som psykolog i Noreg, fortrinnsvis NPF-godkjend spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi
  • God erfaring med utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos barn og ungdom
  • Erfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og familierettleiing
  • Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • Erfaring med pasientadministrative verktøy (DIPS)
  • Erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta for barn og ungdom vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
  • Høg fagleg og fagetisk medvit
  • Løysingsorientert
  • Evne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til et positivt arbeidsmiljø
  • Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar
  • Ved tilsetjing blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg og stabilt arbeidsmiljø
  • Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
  • Støtte til spesialistutdanning eller vedlikehaldskurs
  • Delvis fleksibel arbeidstid


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Linda Helen Knudsen Flygel, Seksjonsleiar, 55978000

Arbeidsstad

Østre Nesttunvegen 20

5221 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4801011706

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 31.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
349149138
Sist endret
18. apr. 2024 01:44