Inaktiv

Tannhelsesekretær/ assistent

Arbeidsgiver
IDI - Husnes tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannhelsesekretær
Frist
03.05.2024

Beskrivelse

Vestland tannhelseteneste - Husnes tannklinikk har ledig ferievikariat som tannhelsesekretær/assistent i 4 uker ved Husnes tannklinikk. Frå 22.07.24-16.08.24.

Husnes er ein tettstad med ca. 2150 innbyggjarar og ligg i Kvinnherad kommune(ca 13 200 innb.). Staden er omgitt av fjell og fjordar, og ligg i nærleiken av Rosendal med Baroniet i Rosendal og som er blandt mange turistmål. Mange flotte fjell og turområder . Husnes tannklinikk ligg under Kvinnherad/ Etne klinikkområde, og er ein klinikk for 3 tannlegar, 1,4 tannpleiar og 3 tannhelsesekretærar. Har og spesialist i endodonti ein dag i uka.Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.



Kvalifikasjonar

Søker bør ha autorisasjon som tannhelsesekretær, eller annen helsefaglig bakgrunn. Erfaring frå tannlegekontor er ein fordel, men opplæring vil bli gitt. Søkar må beherske norsk munnleg og skriftleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram gyldig politiattest. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.

Vi søkjer deg som:
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har gode samarbeidsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ønskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

- ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiar og kollega
- løn etter gjeldande tariff
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar

Alle nytilsettinga i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Kristin Elde Færestrand, førstekonsulent, 97564876

Arbeidsstad

Stølshaugvegen 3

5460 Husnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4802020259

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Startdato: 22.07.2024

Sluttdato: 16.08.2024

Søknadsfrist: 03.05.2024


Sted
Stølshaugvegen 3, 5460 Husnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse
FINN-kode
349121528
Sist endret
18. apr. 2024 10:48