Inaktiv

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Arbeidsgiver
TSB poliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du bli vår nye kollega i TSB poliklinikk?
TSB poliklinikk (Ruspoliklinikken) er ein tverrfagleg sammensatt poliklinikk med lege, psykologspesialist, sosionomar og spesialsjukepleiarar. Vi er lokalisert på Haugaland DPS Karmøy og Haugesund sjukehus.
Vi tilbyr utgreiing og behandling av personar med psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit frå 16 år og opp. Arbeidet inneber individuell utgreiing og behandling i våre lokalitetar, samt ambulerande konsultasjonar ut i omliggande kommunar. Vi har pårørandearbeid, målretta og langvarig samarbeid med kommunale instansar og andre deler av spesialisthelsetenesta. Vi har også eit FACT Rus team som starta opp hausten 2021. I tillegg har vi også ansvar for utdeling av LAR medisiner til LAR pasientane i Karmøy. Vi har egne tilsette som håndterar LAR utdeling pr nå.
Stillinga er eit vikariat i 100 % med for tida 37,5 timers arbeidsveke i perioden 15.05.24 - 31.12.24. Det vil seie at det er for tida kun dagvakter i TSB poliklinikk. Det må påbereknas arbeid ved Haugaland DPS sine lokalitetar, i hovudsak Haugesund sjukehus pr nå.

Arbeidsoppgåver

  • Utrede og søke inn pasientar til relevant institusjonsbehandling
  • Behandlaransvar for pasientar med TSB rettigheter og som er i LAR behandling
  • Eksternt og internt samarbeid for ei heilskapeleg tilnærming til psykiske, somatiske og sosiale forhold
  • Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
  • Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer, interne/eksterne samarbeidspartnarar
  • Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, rettleiarar m.m.
  • Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helsearbeid, eller annan relevant vidareutdanning er ønskeleg, men ikkje eit krav
  • Personleg eignethet vil bli tillagt stor vekt
  • Erfaring frå arbeid med rus / psykisk helse er ønskeleg
  • Gode norsk ferdigheiter, skriftleg og munnleg
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar

  • God evne til samarbeid, både internt i helseforetak og eksternt mot kommunar
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Evne til å stå roleg i krevande situasjonar
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Evne til ryddig og god dokumentasjon
  • Evne til å sette seg inn i og jobbe etter poliklinikken sine rutinar og praksis
  • Fleksibel, pragmatisk og løysningsorientert
  • Evne til å ta eit kollektivt ansvar i poliklinikken for å løyse våre felles utfordringar

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Fleksitid
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknade

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Daniel Heradstveit, Funksjonsleder TSB-Poliklinikk, 91586623, daniel.heradstveit@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Asaldalvegen 1

4250 Kopervik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4801541132

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 15.05.2024

Sluttdato: 31.12.2024

Søknadsfrist: 05.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
349112302
Sist endret
18. apr. 2024 09:21