Inaktiv

Organist 70% kan aukast til 100% med tilleggsoppgåver

Arbeidsgiver
Strand Kyrkjelege Fellesråd
Stillingstittel
Organist
Frist
21.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Strand kyrkjelege fellesråd


Det er ledig stilling som


ORGANIST


70 % stilling i Strand kyrkjeleg Fellesråd med hovudteneste i Jørpeland sokn.


Stillinga kan aukast til 100% og kan då omfatte tilleggsoppgåver innafor trusopplæring, skriv gjerne noko om kva du kan bidra spesielt med innan trusopplæring.


Søknadsfrist: 21.05.2024.




Strand ligg i Ryfylke, aust for Stavanger. Jørpeland er kommunesentrum med ca 7.000 innbyggarar og har bystatus. Det er over 13.500 innbyggarar i heile kommunen.


Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv. Me har vakker natur med fjell og fjord. Det tar ca. 25.min å køyre til Stavanger.


Det er 2 sokn og 3 kyrkjer i Strand kommune - Jørpeland kyrkje (1969) med elektronisk Allen-orgel (2000) - og flygel. Strand kyrkje (1874) med pipeorgel frå 1989 med 15 stemmer - og piano og Tau kyrkje (2021) med flygel.


Det er 14 tilsette, medrekna 2 organistar til saman i begge sokn.


Stillinga medfører hovudansvar for Jørpeland sokn, og kontorplass i Jørpeland kyrkje -- men verkeområde i heile fellesrådsområdet.


Me søkjer ein kreativ og allsidig musikar som kan spele både orgel og piano, har interesse for kyrkjelydsarbeid og god evne til samarbeid.


Stillinga omfattar m.a.:


  • Fagleg og musikalsk ansvar ved gudstenester, gravferd og vigsler.
  • Samarbeid i team med dei andre tilsette og frivillige medarbeidarar med planlegging og gjennomføring av gudstenester og andre kyrkjelydsarrangement.
  • Korarbeid, forsangergrupper/band og anna musikkrelatert arbeid opp mot ulike aldersgrupper.
  • Medverknad til å utvikle eit variert song- og musikkliv i kyrkjelyden.



Me søkjer ein person som:


  • Har min. 3-årig musikkutdanning frå høgskule/universitet. Anna relevant utdanning kan bli vurdert.
  • Er personleg eigna til stillinga
  • Meistrar skriftleg og munnleg norsk
  • Er medlem i Den norske kyrkja



Tiltreding: 01.08.24


Lønn etter gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning i KLP.


Politiattest må leggjast fram ved tilsetting.


Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting.


Søknadsfrist: 21.mai


For meir opplysningar ta kontakt med kyrkjeverje Øystein Marton Lode. Sentralbord tlf: 51 74 11 30/41 25 83 84


Søknad på e-post til kyrkja@strand.kommune.no

Sektor
Privat
Stillingsfunksjon
Annet, Ledelse, Produksjon
FINN-kode
349112028
Sist endret
18. apr. 2024 08:04