Inaktiv

Undervisningsstillinger i fellesfag

Arbeidsgiver
ODD - ODDA VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstillinger
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.

Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 200 elevar og 50 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.

Vi har ein eller fleire ledige undervisningsstillingar frå 01.08.2024 knytt til desse faga: kroppsøving, engelsk, samfunnskunnskap, historie og spesialpedagogikk.

Vi vil sjå kompetansen til dei som blir tilsett i samanheng med kompetansen skulen allereie har, slik at fordeling på fag og grupper vert justert for å dekke skulen sine behov.



Arbeidsoppgåver

Planlegging og gjennomføring av undervisning
Vurderingsarbeid og utviklingsoppgåver
Vere ein bidragsytar i tverrfagleg samarbeid og klasseteam
Undervisning i tilrettelagte grupper eller av enkeltelevar

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter personar med relevant utdanning frå høgskule/universitet, pedagogisk kompetanse og erfaring innan undervisning i dei faga stillingane skal dekka.

Personlege eigenskapar

Positiv og likar å arbeide med ungdom
Strukturert, samstundes som du kan arbeide i eit hektisk miljø
Sjølvstendig, samstundes som du er god på relasjonar og samarbeid
Utviklings- og løysingsorientert
Romsleg, raus og fleksibel

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Vi tilbyr

Positivt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
Løn etter kvalifikasjonar
Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Geir Veland, rektor , 97143273

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4800849250

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5750 Odda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
349103687
Sist endret
18. apr. 2024 06:29