Inaktiv

Avdelingsleiar barn og familie / prosjektleiar psykisk helse barn og unge

Arbeidsgiver
Volda kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar Barn og familie/Prosjektleiar psykisk helse barn og unge
Frist
26.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ny og spennande leiarstilling!

Volda kommune skal opprette ei ny tverrfagleg psykisk helseteneste som gir tidleg hjelp og behandling til barn og unge med psykiske plager, begynnande rusmiddelproblem og reaksjonar på belastande livshendingar. Tenesta skal ha låg terskel, ha tilbod til individ og grupper, ha et familieperspektiv og tilby foreldrestøtte.

Frå 01.01.2025 vert tenesta organisert i avdeling barn og familie under sektor oppvekst, der ein også finn avdelingane for barnevern, barnehage, skule og vaksenopplæring og integrering.

I avdeling barn og familie vil det vere to seksjonar: Seksjon helsestasjon og seksjon psykisk helse barn og unge. Næraste leiar vert kommunalsjef oppvekst, og stillinga går inn i kommunalsjefen si leiargruppe. Tenesta vil ha 5 årsverk, mellom anna leiar og kommunepsykolog.

I ein oppstartsfase vert arbeidet organisert som eit prosjekt, med ny leiar som prosjektleiar. Ei hovudoppgåve vil vere å utforme dei konkrete tenestene som skal tilbydast målgruppa, jf ny rettleiar på området. Prosjektperioden vil vere frå oppstart i stillinga til 31.12.2024. Det er ei målsetting at tenesta er operativ frå 01.01.2025. Tenesta vil i starten vere lokalisert på rådhuset i Volda, men det er eit mål å skaffe enno betre eigna lokale.

Vi ser no etter ein leiar som har stort engasjement og kraft til arbeidet med å opprette ei heilt ny teneste. Den som vert tilsett vil vere prosjektleiar for oppretting av seksjon psykisk helse barn og unge fram til 31.12.24.

Frå 01.01.2025 vil den som vert tilsett gå inn som leiar for avdeling barn og familie.



Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for utvikling av det konkrete tenestetilbodet i tenesta, jfr nasjonale faglege retningslinjer og lov og forskrifter
  • Utarbeide rutinar for og etablere samhandling med andre relevante tenester, internt og eksternt
  • Ansvar for å handtere tilvisingar til tenesta
  • Klinisk arbeid knytt til oppfølging av barn, unge og familiar
  • Personalansvar

Oppgåvene kan verte justerte i tråd med utviklinga av tenesta.

Kvalifikasjonar

Vi ser gjerne at du har

  • Relevant utdanning frå universitet/høgskule
  • Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge i målgruppa
  • Vidareutdanning innan leiing og/eller klinisk arbeid med barn og unge i målgruppa
  • Erfaring frå prosjekt-/implementeringsarbeid
  • Har kompetanse, evne og vilje til å utforske nye måtar å ta i bruk digitale verktøy i tenestutøvinga
  • Kompetanse på å bygge team og gruppepsykologisk tryggleik

Personlege eigenskapar

  • Har evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar og gode fagfolk
  • Er tydeleg og trygg i leiarrolla, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Trivst med variasjonen mellom å arbeide med kliniske og administrative oppgåver
  • Har god rolleforståing
  • Har god arbeidskapasitet og får ting gjort

Vi tilbyr

  • ei interessant og utfordrande stilling i ei nyoppretta teneste
  • moglegheit for personleg og fagleg utvikling
  • godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • løn etter avtale
  • pensjons- og forsikringsordning i KLP

Kontaktinformasjon

Per Ivar Kongsvik, Kommunalsjef, +47 90 53 67 57

Arbeidsstad

Stormyra 2

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune



Referansenr.: 4769498778

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Stormyra 2, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
349098335
Sist endret
18. apr. 2024 06:01