Inaktiv

Vil du ha sommervikariat som politibetjent ved Politiets nettpatrulje Vest?

Arbeidsgiver
FF - Seksjon for Forebygging, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Sommervikar Nettpatruljen
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, Felles eining for forebygging, Seksjon for forebygging, er det ledig eit sommervikariat som operatør ved Politiets nettpatrulje Vest. Sommervikariatet er fra 17. juni til og med 16. august. Ein kan ikkje pårekne å avvikle ferie i perioden for vikariatet.

Politiets nettpatrulje Vest består av 5 politiansatte; ein fagleiar, ein kombinert etterretning / operatør, og 3
operatørar. Gruppa består både av kvinner og menn, der nokon er forholdsvis nyutdanna, mens andre
har jobba i politiet i lengre tid. Felles eining for førebygging er stasjonert i Bergen Sentrum.
Nettpatruljen vart etablert i oktober 2019 og har hatt ei spanande utvikling etter dette. Vi har no nærare 870 000 følgjarar til saman på Facebook, Instagram og TikTok. I 2021 vann vi "Social Media Awards" for årets verksemd/merkevare. Vi har eit godt arbeidsmiljø.

Det vil bli gjennomførd ei forenkla tilsettingsprosess / administrativ tilsetting med heimel i
statsansattelova § 7.



Arbeidsoppgåver

  • Kriminalitetsførebygging og haldningsskapande arbeid på nett
  • Bygge tillit og ha dialog med innbyggjarane på nett og SoMe
  • Patruljering på nett, samt dagleg oppfølging av Politiprofilane våre på Facebook, Instagram og TikTok.
    Vi har også kontoar på andre sosiale medier
  • Tovegskommunikasjon med innbyggjarane (Råd/rettleiing, motta tips og svare på ulike spørsmål)
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Uniformert og tillitsskapande polititeneste
  • Halde foredrag og undervisning internt og eksternt (både fysisk og digitalt)
  • Vere politiet sitt ansikt ut mot innbyggjarane, gjennom sosiale medium og anna førebyggjande
    verksemd. Du må også vere villig til å eksponera deg sjølv.
  • Andre arbeidsoppgåver innan fagfeltet
  • Noko turnusbasert arbeid må påreknast

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
  • Operatørkurs nettpatrulje og/eller erfaring frå arbeid i ein nettpatrulje
  • Ha operative godkjenningar, evt. vere villig til å re-godkjenna desse
  • Svært god framstillingsevne munnleg og skriftleg (nynorsk, bokmål og engelsk)
  • Flink til å dele kunnskap og dokumentere sitt arbeid

Ønskelig:

  • Erfaring innan digitalt grafisk arbeid og/eller videoproduksjon er ein fordel
  • Kunnskap om bruk av digitale verktøy, og erfaring frå bruk av sosiale medier er ein fordel
  • Erfaring frå kriminalitetsførebyggjande arbeid og/eller forståing for heilskapen i kriminalitetsførebyggjing er ein fordel

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Personlege eigenskapar

  • Ein god rollemodell, positiv og godt humør
  • Ha gode evner til å skape tillit og byggje relasjonar
  • Ha høg motivasjon for stillinga og oppgåvene som skal utførast
  • Vere kreativ, initiativrik og fleksibel
  • Vere god på kommunikasjon og til å samarbeide godt med andre, både internt og eksternt
  • Bidra til og vere ein viktig del av eit fagleg og sosialt fellesskap der ein jobbar i eit velfungerande team
  • Gode sosiale evner som fremmer trivsel og et godt arbeidsmiljø vil bli vektlagt

Vi ynskjer også at du er modig og heilhetsorientert, viser respekt og er tett på. Vi jobbar saman for dei ansatte sitt beste i tråd med lovar, reglar og våre verdiar. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Stillinga vert løna som politibetjent 3/2/1, SKO 1461/1459/1457 frå ltr 47 / kr 480 900,- til ltr 67/ 657 300,- kr brutto per år.
  • Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 skjer i samsvar med gjeldande kompetansekriterier for Pb2 og
    Pb3.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)

Politiet meiner at inkludering og mangfold er en styrke. Vi treng medarbeidere med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgaveløysning. Dersom det er mogleg, vil vi tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjer i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysningane danner grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.

Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Opplysninger om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

Referansenr: 24/82208

Kontaktinformasjon

Rune Fimreite, Fagansvarleg nettpatruljen, 47975815

Spørsmål om elektronisk CV/s øknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4797961107

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 30.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Annet, Konsulent, Kontor og administrasjon
FINN-kode
349018100
Sist endret
17. apr. 2024 03:35