Inaktiv

Sjukepleiar 

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost LSH, Helse Førde
Stillingstittel
Sjukepleiar på Medisinsk seksjon, Lærdal Sjukehus
Frist
02.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønskjer du å bu på ein liten plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Er du i tillegg sjukepleiar?
Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!

Lærdal sjukehus har ledig stilling for sjukepleiar på Medisinsk sengepost og poliklinikk:

  • 1 x 100% fast kombistilling: Medisinsk poliklinikk og Medisinsk sengepost
  • 3 x 80% fast kombistilling: Medisinsk poliklinikk og Medisinsk sengepost

Lærdal er ein fin, litan stad med store naturopplevingar i hagen din, med gode turmoglegheiter for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.

Her har vi eit godt fagmiljø, samstundes er vi ikkje større enn at vi vert godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid samt gode moglegheiter for å skaffe seg nye bekjente. Vi har fleire sosiale samankomstar gjennom året og ønskjer deg velkommen til å vere med!

Sengeposten har 14 senger inkludert 2 overvakingssenger. Posten driftar for tida 2 interkommunale senger. 95% av innleggingane er akutt hjelp. Dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar.

Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med indremedisinske problemstillingar som til dømes hjerte og mage/tarm. Vi har også infusjonspoliklinikk, og hovedtyngda er kreftbehandling og behandling av pasientar med mage/tarm sjukdommar.

Meir informasjon om Lærdal kan du lese her.

Vil du vite meir om stillinga, ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon.

Stillingane skal ikkje delast.



Arbeidsoppgåver

  • Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost og poliklinikk
  • Stillinga vert delt mellom sengepost og poliklinikk, og inngår i avdelingane sin årsarbeidsplan med arbeid i snitt kvar tredje helg.
  • Sjukepleie til medisinske pasientar
  • Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga
  • Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
  • Opplæring og rettleiing av studentar
  • Arbeidsoppgåver delegert frå leiar

Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.

Kvalifikasjonar

  • Må ha godkjend norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er fagleg engasjert
  • Du jobbar strukturert og målretta

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Personalhytte på Filefjell
  • Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anne-Malene Hande, Eininingsleiar medisinsk og ortopedisk poliklinikk, +47 477 52 466, anne-malene.hande@helse-forde.no

Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar medisinsk sengepost og dialyse, +47 479 06 594, marit.fossheim.ottersen@helse-forde.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4801520968

Stillingsprosent: 100, 80%

Fast

Søknadsfrist: 02.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
349005259
Sist endret
17. apr. 2024 03:09