Inaktiv

Lærar

Arbeidsgiver
Klepp kommune, Engelsvoll skule
Stillingstittel
Lærar
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Engelsvoll skule har ledig 100 % fast undervisningsstilling.

Engelsvoll skule ligg vakkert til i eit flott og romsleg uteområde, med utsikt over Frøylandsvatnet og i gåavstand frå Klepp stasjon (15 minutt frå Sandnes sentrum). Engelsvoll skule har eit positivt og godt arbeidsmiljø med faglege, engasjerte og dyktige tilsette. Vi har eit framoverlent personale som er oppteken av utvikingsarbeid og den enkelte elev si meistring. Engelsvoll skule er ein praksisskule for Universitetet i Stavanger. For oss som skule er det stor verdi i å ta imot studentar som sit på den ferskaste kunnskapen om kva forsking seier er god undervisning. Skulen legg vekt på praktisk- estetiske fag og aldersblanding. Skulen har skaparverkstad (makerspace) med mykje utstyr. Her har elevane muligheit til å utfalde seg kreativt med teknologiske verktøy.

Skulen vår har 170 elevar, fordelt på 1. til 7. trinn, og 30 tilsette i skule og SFO. Satsingsområda til skulen er den engasjerte eleven og tidleg innsats. Vårt mål er at vi så tidleg som mogleg skal identifisere og sette inn egna tiltak for elevar som vi ser står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving og rekning. I stillinga må ein pårekne å vere kontaktlærar for mellom 10-20 elevar.


Arbeidsoppgåver

Kontaktlæraransvar:

- Planlegge og gjennomføre undervisning og vurdere elevane si læring både fagleg og sosialt i tråd med LK20
- Sørgje for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
- Delta aktivt og med engasjement i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid, saman med andre lærarar på skulen og leiinga
- Samarbeide med andre på trinn og avdeling
- Samarbeide med andre faginstansar ved behov
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette

Kvalifikasjonar

- Allmennlærar/grunnskulelærar 1.-7., 5.-10, eller barnehagelærar med minimum 60 stp. vidareutdanning retta mot undervisning på barnetrinnet
- Det er ønskeleg med undervisningserfaring fortrinnsvis frå 1.-4 trinn
- God digital kompetanse, alle elevar nyttar Ipad i sitt daglege arbeid. Lærarar nyttar Ipad og PC i sitt arbeid
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Den som får tilbod om stilling må framleggje politiattest. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar

Attester og vitnemål:
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være NOKUT-godkjente (hkdir.no) og utenlandske attester oversatte til et skandinavisk språk eller engelsk.

Personlege eigenskapar

- Tydelig, trygg, varm og tolmodig
- God på relasjonsbygging
- God til å leggje til rette for eit godt læringsmiljø
- Samarbeidsvillig sjølstendig
- Gode erfaringar/kompetanse i eit profesjonsfelleskap
- Løysningsorientert og utviklingsorientert
- God til å kommunisere og bidra til eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Er positiv og har godt humør


Vi tilbyr

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram frå utlysing, og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Løn i høve til lokal lønnspolitikk.

Kontaktinformasjon

Linda Refvik, rektor, +47 99709603

Arbeidsstad

Solavegen 1

4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune



Referansenr.: 4800119366

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Solavegen 1, 4351 Kleppe
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
348993545
Sist endret
18. apr. 2024 05:58