100% vikariat som bioingeniør/sjukepleiar ved Årdal legekontor

Arbeidsgiver
Årdal kommune Helse
Frist
02.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ved Årdal legekontor har me ledig 100 % vikariat som bioingeniør/Offentleg godkjend sjukepleiar frå snarast og fram til 03.11.2024.

Arbeidsoppgåver

I hovudsak skal bioingeniøren/sjukepleiaren utføra faste pasientretta oppgåver ved kontoret sitt laboratorium. Du må også ta del i resepsjonsarbeid og anna helseretta arbeid som ligg til kontoret.

  • Laboratoriearbeid med blodprøvetaking og analysering av urin/fæces og blod.
  • Kan vere aktuelt med EKG, injeksjonar, sårbehandling mm
  • Gi faglige råd og vurdere øyeblikkelig hjelp både i telefon og på kontoret
  • Resepsjon og telefonbetjening
  • Skanning og innskriving av epikriser og prøvesvar
  • Bistå lege ved småkirurgiske prosedyrer, enkelte delegerte legeoppgaver etter opplæring
  • Anna administrativt arbeid

Kvalifikasjonskrav

  • offentleg godkjenning som bioingeniør eller sjukepleiar
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Det er ynskjeleg at den som blir tilsett har kjennskap og erfaring med journalsystemet CGM

Arbeidserfaring fra legekontor og legevakt vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

Me ynskjer ein medarbeidar som kan arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag der samarbeid, fleksibilitet og service er sentrale verdiar. Du må vera nøyaktig og strukturert og ha gode kommunikasjonsferdigheitar. Du må ha interesse for akuttmedisinske problemstillingar og evne til å ta raske avgjerder i eit hektisk arbeidsmiljø.

Me tilbyr

  • spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø, der me legg vekt på brukarfokus og høg kvalitet i arbeidet
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen
  • løn etter utdanning og praksis/erfaring
  • Arbeidstid dagtid kl 07.45 til 15.15 (betalt matpause)

Gyldig politiattest må leverast før oppstart.

Har du spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med Marit Indrebø, telefon nr 48 21 37 91.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
348980938
Sist endret
17. apr. 2024 02:16