2 årig prosjektstilling ved Bygg- og eigedom
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Eigedom og miljø
- Frist
- 12.05.2024
- Ansettelsesform
- Prosjekt
Beskrivelse
Prosjektstilling 2 årig - Bygg- og eigedom stillingsstorleik 100 %
Ullensvang kommune har ledig ein 2 årig prosjektstilling med muligheter for fast ansettelse. Me ser etter deg som ynskjer å ta del i å utvikle eigedomsforvaltninga i kommunen. Bygg- og eigedom er organisatorisk lagt under kommunalsjef område teknikk og miljø og har som hovudoppgåve å forvalte kommunens eigedomar og arbeidsoppgåver er til dømes avtalar om kjøp/sal, utbyggingsavtalar, internkontroll, FDV, internkontrollsystem, rapportering mot offentlege mynde, sakshandsaming, felles driftssystem/dataverktøy for andre interne brukarar i Ullensvang kommune.
Arbeidsoppgåver:
Opparbeide og ajourføre bygnings- og eigedomsbasen i kommunen sitt drifts- og vedlikehaldsprogram.
Registrere og ajourføre grunneigedomar som Ullensvang kommune eig i matrikkelen.
Opparbeide brannbok.
Mindre driftsprosjekter.
Tilstandsanalyser på bygningsmassen.
HMS-rutiner
Andre oppgåver kan bli lagt til stillingen.
Ynskte kvalifikasjonar:
Bygningsingeniør eller tilsvarende relevant utdanning.
Eigedomsforvaltar kompetanse eller tilsvarende relevant utdanning.
Lang relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
Gode digitale ferdigheiter.
Praksis frå kommunal forvaltning på ulike områder.
Personlege eigenskapar:
Raus og omgjengeleg
Ser på seg sjølv som viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Har erfaring i å samhandle med mennesker.
Kunne sjå samanhengar mellom oppgåver i tid og kompleksitet
Ha gjennomføringsevne/kraft
Gode samarbeidsevner
Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver
Spennande arbeid
Lønn etter avtale
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør, Rådgivning, Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
- FINN-kode
- 348977482
- Sist endret
- 17. apr. 2024 01:32