Sjukepleiar, faste stillingar ved Giske omsorgssenter

Arbeidsgiver
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar, faste stillingar ved Giske omsorgssenter
Frist
03.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig to 100 % og ei 80 % fast stilling som sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter. Ei av 100 % stillingane er for tida primært knytt til korttidsavdeling.

Alle stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.

Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar med fokus på god og trygg pasientbehandling, og i tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillingane.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.



Arbeidsoppgåver

  • Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
  • Bidra til eit godt omdømme.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjenning som sjukepleiar.
  • God digital kompetanse.
  • Sertifikat for bil.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
  • Spanande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Sofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702307

Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318

Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, 92620535

Arbeidsstad

Valderøya

6050 VALDERØYA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4800963139

Stillingsprosent: 100, 80%

Fast

Søknadsfrist: 03.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Valderøya, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
348974698
Sist endret
17. apr. 2024 01:26