Inaktiv

Sjukepleiar 100 % fast ved Rus- og psykiske helsetenester

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % fast ved Rus- og psykiske helsetenester
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Omtale av stilling

Som sjukepleier i Oppfølgingstenesten yt ein tenester og hjelp til menneske med rus og psykiske vanskar. Sjukepleiar har ansvar for å gje forsvarleg og nødvendig helsehjelp, medikamenthandtering, koordinering, oppfølging av pakkeforløpet, deltaking på ansvarsgruppemøter og deltaking/koordinering av IP.

Overordna mål er å gje helsehjelp for å betre brukarane si fysisk og psykisk helse. Dette gjerast både gjennom oppfølging av brukarar i LAR, vedtaksbestemt oppfølging og lågterskelarbeid.

Arbeidstad er på Husnes i Oppfølgingstenesten.

Stillinga er 100% fast i helsefremmande turnus der 2 veker med dagvakter(5+3), 1 veke med kveldsvakter(4) og 1 veke med 1 dagvakt og langvakter(3) på helg. I løpet av 4 veker har ein 3 perioder med tredagers-langfri.

Rekrutteringstilskot på kr 50 000 for eksterne søkjarar (som ikkje arbeider i kommunen frå før), med ei bindingstid på 1 år.

Tilsetjing juni 2024

Kvalifikasjonar

- Autorisasjon som Sjukepleiar

- Vidareutdanning i rus og/eller psykisk helsearbeid kan vere eit føremon.

- Førarkort klasse B.

Andre med relevant helsefagleg høgskuleutdanning kan også søkje på stillinga..

Personelge eigenskapar

- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.

- Du må ha gode kunnskapa r i norsk skriftleg og munnleg.

- Du må trivast i eit periodevis travelt miljø

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.

Oppmodar menn til søkja til å søkja stillinga.

Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.

Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.

Gode arbeidstilhøve.

Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje

skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta

offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje

søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
348956445
Sist endret
17. apr. 2024 05:33