Lege i spesialisering revmatologi

Arbeidsgiver
Revmatologi og hud, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering revmatologi
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Seksjon for revmatologi og hud ved Ålesund sjukehus har ledig to vikariat for lege i spesialisering i revmatologi!

Dato for tilsetting kan avtalast nærmare. Ved intern omrokkering, kan fleire vikariat verte ledig.

Revmatologi er eit fantastisk interessant fag som kombinerer praktiske prosedyrer (m.a ultralyd av kar, nerver, ledd/leddinjeksjoner), samt indremedisinsk puslespill-legging på eit komplisert immunologisk bakteppe. Vi søker deg som ønskjer ein variert og spennande kvardag, og som vil vere med og utvikle revmatologi-faget vidare saman med gode og engasjerte kollegaer.
Supervisjon og veiledning er satt i system der overlege alltid er tilgjengeleg. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå spesialitetskomiteen i revmatologi for måten vi driv opplæring og oppfølging på. Vi har ein fylkesdekkande funksjon og er den einaste revmatologiske avdelinga i Møre og Romsdal fylke.

Vi tek oss av pasientar med artrittsjukdommar, bindevevssjukdommar og vaskulittar. Avdelinga har sengepost med 2 senger og poliklinikk, og har tilknytta legar, sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretærar. I revmatologisk avdeling Ålesund har vi eit stort fagleg engasjement på både nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi har i over 10 år bidrege i store multisenterstudiar, som har gitt pasientar moglegheita til å ta i bruk det siste og nye av behandlingsmetodar.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

  • Lege i spesialisering rullerer mellom sengepost og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Legar som har erfaring frå almennpraksis, og som er i behov for 1 års praksis frå spesialisthelsetjenesta vert oppmoda til å søke

Personlege eigenskapar

  • Du liker å arbeide sjølvstendig samtidig som du støtter deg til erfarne kollager
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er fleksibel og samtidig strukturert
  • Du har gode samarbeidsegenskaper
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre
utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt
kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og
oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre
deg.
Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Ida Grøtta Barstad, Seksjonsleiar, 70105458, Ida.Grotta.Barstad@helse-mr.no

Hallvard Fremstad, Medisinsk ansvarlig overlege revmatologi, 906 97067, Hallvard.Fremstad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4798375509

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 02.09.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Lege
FINN-kode
348955747
Sist endret
17. apr. 2024 05:56