Tannlege - Tannlegespesialist

Arbeidsgiver
Tannhelsetenesta Kompetansesenter Vestland, Haukeland tannklinikk, Kjevekirurgis
Stillingstittel
Tannlege - Tannlegespesialist
Frist
15.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig 20% fast stilling som tannlege eller tannlegespesialist frå og med 01.09.24 ved Tannhelsetenesta Kompetansesenter Vest (TK Vestland)
Har du lyst å jobbe i eit stort fagmiljø? Då er TK Vestland noko for deg!
TK Vestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg.
TK Vestland tilbyr spesialisttannhelsetenestar til befolkninga i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert ved TK Vestland og eit viktig mål er at resultata kjem tannhelsetenesta og dermed pasientane til gode. Vi utfører undersøking og behandling av tilviste pasientar frå offentlege og private tannklinikkar, samt utadretta verksemd som rådgjeving, kurs og hospitering for anna tannhelsepersonell.
Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19 har 11 behandlingsrom. Vi har og ein klinikk ved Haukeland Sjukehus, der stillinga er ledig. Det er rundt 40 tilsette på Spesialistklinikken. Vi har spesialistar innan alle dei odontologiske fagfelta.



Arbeidsoppgåver

Haukeland tannklinikk er Vestland fylkeskommune sin tannklinikk inne på kjevekirurgisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus. Den høyrer til TkVestland. Som tannlege eller tannlegespesialist i Haukeland tannklinikk arbeidar du i eit team. Her arbeider spesialist i protetikk og tann-helsesekretær på eitt kontor, samt to tannpleiarar på nabokontoret, alle i 100 % stilling. Kontoret er utan spesialist ein dag i veka. Det er då behov for tannlege eller tannlegespesialist til å bistå med varierte oppgåver den dagen.

Vi har ein todelt funksjon der vi både hjelper tilviste pasientar eksternt og internt. Vi treng ein arbeidsvillig og fleksibel kollega som kan forholda seg til sjuke og ofte immobile pasientar. Arbeidsoppgåvene er varierte og spennande og timeboka er oftast i endring i løpet av dagen. Det kan til dømes være pasientar som er tilvist for vurdering og behandling hjå spesialist, oftast traume eller endodontisk behandling før hjarteoperasjonar. Bistå med protetisk arbeid ved behov. Vi gjer mykje protesar og implantatprotetikk i tillegg til konvensjonell fast protetikk.

Mange av pasientane som er tilvist treng tverrfagleg vurdering og behandling hjå fleire tannlegespesialistar, og som tilsett her har du ei viktig rolle i dette arbeidet. Du må kunne samarbeide godt med andre kjevekirurgiske tilsette, til dømes sjukepleiarar og spesialist i oralkirurgi og oral medisin.

Det vil og inngå i arbeidsoppgåvene å delta i utadretta verksemd, kompetansehevande tiltak og eventuelle andre oppgåver som er i tråd med samfunnsoppdraget til kompetansesenteret.

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk godkjenning som tannlege eller spesialist
Det er ynskjeleg med relevant arbeidserfaring
God evne til formidling.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar med gode samarbeidsevner som kan fungere godt i eit tverrfagleg miljø. Personleg eignaheit for stillinga, motivasjon, evne og vilje til å arbeide i tverrfaglege team vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

Løn etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Ein spennande og utfordrande jobb
Gode mogelegheiter for fagleg utvikling

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova § 25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Anne Marit Graue, klinikkleiar , 93061996

Martha Sørensen, områdeleiar tannhelse, 98012834

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4799129191

Stillingsprosent: 20%

Fast

Startdato: 02.09.2024

Søknadsfrist: 15.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse, Helsepersonell
FINN-kode
348871533
Sist endret
16. apr. 2024 04:42