Ferievikarar Habilitering

Arbeidsgiver
Eining Habilitering, Sveio kommune
Stillingstittel
Ferievikar Habilitering
Frist
03.06.2024

Beskrivelse

Eining Habilitering, butiltak psykiskutviklingshemma avd Stemhaugen bueining og Åsvegen/Straumøy bueining søkjer ferievikarar. Er du over 18 år, og har lyst på ein ansvarsfull og lærerik sommarjobb? Me treng personar som kan jobbe sjølvstendig, men også samarbeide godt med kollegaer. Hos oss kan du få erfaring som du kan ha nytte av i eit seinare arbeidsforhald.
Me treng ferievikarar i perioden veke 25-32. Me har moglegheit for å tilby langvakter og har i tillegg medlevarturnus i ein av bustadane. Om dette er noko du ynskjer, skriv det i søknaden din. Ynskjer du å arbeid på dag/kveld, eller er nattevakt? Skriv i søknaden kva som er best for deg? Ta med i søknaden kva periode du kan arbeid i. Vikariata vil kunne variere i stillingsstørrelse 80 - 100 %. Om du kan ta til i stillinga før veke 25, så er det ein fordel i forhold til god opplæring. Søknadsfristen er 03.06.2023, men tilsetjing skjer fortløpande.



Arbeidsoppgåver

Brukar bur i eigen leilegheit og har tilbod om gode miljøtenester frå oss. Du fylgjer brukar gjennom dagen og ulike aktiviteter. Brukar kan ha behov for hjelp til personeleg hygiene, matlaging samt reinhald av eigen bustad. Ansvar og arbeidsoppgåver vert tildelt i samsvar med kompetanse og erfaring. Du må kunna ta imot rettleiing, samt like å ta til deg ny og spanade kunnskap. Ved Straumøy gard, deltek ein også i noko arbeid på garden.

Kvalifikasjonar

  • Helse- og sosial fagleg utdanning
  • Relevant arbeidserfaring er ønskjeleg
  • Stillingane passar godt til studentar og elevar med helsefaglig bakgrunn, men også andre kan verta vurdert
  • Personleg eigenskap vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne jobbe både sjølvstendig og saman med kollegaer
  • Du må like å ta i eit tak
  • Du likar å få rettleiing
  • Du er ansvarfull og likar å gi omsorg til andre mennesker
  • Du ser oppgåver som skal gjerast og tar initiativ
  • Du liker å være aktiv saman med brukar
  • Du er presis og pliktoppfyllande
  • Du likar utfordringar, men ber også om hjelp og veileiing når det er naudsynt

Vi tilbyr

  • Ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakar
  • Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP – frå løna blir det trekt 2 %

Kontaktinformasjon

Camilla Vallestad, avdelingsleiar Stemhaugen bueining, 94814106, camilla.vallestad@sveio.kommune.no

Peer Cato Sjursen, Avdelingsleiar Åsvegen bueining & Straumøy gard, 94164806, Peer.Cato.Sjursen@sveio.kommune.no

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune



Referansenr.: 4800830463

Stillingsprosent: 90%

Sommarjobb

Startdato: 17.06.2024

Søknadsfrist: 03.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
348860175
Sist endret
16. apr. 2024 04:03