Inaktiv

Fastlege (fastlønnet) ved Jæren legesenter

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Fastlege (fastlønnet) ved Jæren legesenter
Frist
06.05.2024

Beskrivelse

Det er ledig fastlegeavtale ved Jæren legesenter frå 01.08.24

Jæren legesenter er eit veldrive og stabilt legekontor med 6 fastlegeavtaler lokalisert i Kleppe sentrum. Det er eit særs godt miljø med gode arbeidsforhold og erfarne medarbeidarar. Legekontoret bruker Pridok journalsytem. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin. Me har LIS1-lege halve året.


Lista som blir ledig har 880 pasientar. Dei økonomiske vilkåra knytta til praksisen vert avtalt direkte med Jæren legesenter.
Jæren legesenter har god drift, som legg til rette for god inntening for den enkelte fastlege på næringsinntekt.

Noverande stillingsinnehavar er næringsdrivande, og det kan diskuterast både næringsdrift og fastlønn. Ordningar med fastlønn gjennom avtale med kommunen er prioritert for denne stillinga (fastlønn er p.t. for spesialist i allmennmedisin er 1 175 000 kr og 1 000 000 kr for ikkje spesialist).


Spørsmål kan stillast heimelsinnehaver Kåre Horpestad, tlf. 986 76 977, representant frå Jæren legesenter Åge Aleksander Skretting, tlf. 92626099, kommuneoverlege Roman Benz, tlf. 481 36 838 eller assisterande kommuneoverlege Håvard Ims, tlf. 930 99 114.




Arbeidsoppgåver

Fastlegearbeid

Ein deltek i 36-delt interkommunal legevakt med Time kommune lokalisert i Klepp sentrum ettermiddag/kveld og helg, og med Hå og Time kommunar lokalisert på Bekkeheien i Hå kommune kl. 23-08.


Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon og refusjonsrett
LIS3 eller spesialist i allmennmedisin
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Det er krav om politiattest nyaren enn 3 mnd.

Søker må ha gjennomført LIS1-tjeneste.

Ved tildeling av legeheimelen vil ein legge stor vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.

Personlege eigenskapar

Motivasjon for å jobbe med allmennmedisin
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Gode evner til å arbeida strukturert og sjølvstendig
Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Kommunen legg til rette for spesialisering i allmennmedisin med rettleiar og deltaking i ALIS tilskots-ordning.

Kontaktinformasjon

Håvard Ims, fungerande kommuneovelege, 93099114

Roman Benz, avdelingsleiar / kommuneoverlege, +47 48136838

Arbeidsstad

Solavegen 1

4351 KLEPPE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune



Referansenr.: 4800362222

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 06.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Solavegen 1, 4351 Kleppe
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege
FINN-kode
348849273
Sist endret
16. apr. 2024 03:24