Inaktiv

Sommarjobb i Ferie-SFO

Arbeidsgiver
Oppvekst, Kvam herad
Stillingstittel
Sommarjobb i SFO/Ferieklubb
Frist
02.05.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Har du lyst på ein aktiv sommarjobb saman med barn Kvam?

Kvam herad søkjer etter assistentar til ferie-SFO i veke 26 og 27, sommaren 2024 . Ferie-SFO er open for barn som skuleåret 23/24 går i 1. - 4. klasse, og eldre barn med særskilte behov. Det vert kursing og førebuing torsdag 20. og fredag 21. juni 2024. Stad: Norheimsund skule.



Arbeidsoppgåver

SFO-leiarane i Norheimsund og Øystese har hovudansvar for å leggja til rette og planleggja aktivitetar knytt til ferie-SFO med fokus på opplevingar på skulen og i nærmiljøet. Assistentane har ansvar for gjennomføring av aktivitetane saman med barna.

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer deg som held på med relevant utdanning innan barnehage og skule, eller har anna relevant erfaring/ utdanning knytt til arbeid med barn.
  • Du må vera fylt 18 år og bør ha førarkort kl. B

Dei som vert tilsett i stillingane må leggja fram politiattest ved tilsetjing (skal ikkje vera med i søknaden).

Personlege eigenskapar

Me treng deg som:

  • er i godt humør og byr på deg sjøl
  • likar å vera saman med barn og taklar ulike utfordringar
  • er trygg i rolla som vaksen
  • har gode samarbeidsevner
  • er seviceinnstilt og engasjert
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • møter andre på ein respektfull og open måte
  • likar å vera ute i allslags vêr

Vi tilbyr

  • Ein sommarjobb der du får praktisk erfaring med å vera med ulike barn i ulike aktivitetar
  • Ferievikarar i Kvam herad vert løna etter sentral tariffavtale

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Linda Haugland Jondahl, Rektor Norheimsund skule, +47 905 95 991

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad



Referansenr.: 4783592708

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 02.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
5600 Norheimsund
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
348820317
Sist endret
16. apr. 2024 02:05