Inaktiv

 Lærar, i inntil 100% mellombels stilling

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Brekke barnehage og skule. Tilsetjing 100% mellombels st. som lærar 24/25
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Gulen kommune, for tida ved Brekke barnehage og skule, har frå 01.08.2024 til 31.07.2025 ledig i inntil 100% mellombels stilling som lærar ved skulen.

Brekke barnehage og skule er ei samla eining med barnehage, skule og SFO. Skulen er lokalisert i Brekke i Gulen, og ligg tett ved fjell og fjord. Me har gode lokaler med god plass til elevane, godt utstyrte spesialrom og gode kontorløysingar til dei tilsette. Me har eit stort uteareal, og idrettsbane i nærleiken. Me er ein fådelt skule 1-10. Skulen har 58 elevar og 25 barn i barnehagen. Det er 10 lærarar og 3 fagarbeidarar ved skulen.

Eininga har læring, helse og trivsel som visjon. Me er opptatt av gode læringssituasjonar, gode relasjonar i klasserommet og på personalrommet, og ikkje minst ein aktiv kvardag med fysisk aktivitet og aktive læringsprosessar. Me har eit tett samarbeid med barnehagen.


Arbeidsoppgåver/kompetanse

Brekke barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1-10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse. Det er ynskjeleg med undervisingskompetanse på 1.-5-trinn, men det kan kome endringar og ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga.


Personlege eigenskapar
  • Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
  • Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
  • Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
  • Gode IKT- kunnskapar
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

Sektor
Offentlig
Sted
Yndesdalsvegen 2719, 5961 Brekke
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
348817790
Sist endret
16. apr. 2024 01:51