Tannlege

Arbeidsgiver
Florø tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannlege
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vestland tannhelseteneste - Florø Tannklinikk har ledig ei 100% fast stilling som tannlege med startdato sommaren 2024.

Florø er den vestlegaste byen i Noreg, og er administrasjonssenter i Kinn kommune med ca. 9000 innbyggjarar i byen. Florø kan by på eit rikt og variert kulturliv, og eit næringsliv i utvikling. Kystnaturen gir grobotn for mange aktivitetar og naturopplevingar i eit flott landskap heile året.

På Florø tannklinikk er det 4 tannlegar, 3 tannpleiarar og 4 tannhelsesekretærar. Det er ein ny og moderne klinikk i flott lokaler. Behandlarar i Florø ambulerer jamleg til Bremanger og Svelgen med ambuleringstillegg og gode vilkår. Det er eit godt arbeidsmiljø på klinikken, og gode mogelegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldersgrupper.

Aktivitetar i Florø

Kinn kommune



Kvalifikasjonar

Det blir stilt krav om godkjent norsk autorisasjon som tannlege. Søkjarane må beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.

Vi søkjer deg som:
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har gode samarbeidsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ønskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

- ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging med klinikkleiar og kollega
- lønn etter avtale med ei minstelønn på 620 000 kr
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort
sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir
offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010

Arbeidsstad

Strandavegen 2

6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4796393394

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.05.2024


Sted
Strandavegen 2, 6900 Florø
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
348817242
Sist endret
16. apr. 2024 01:16