Helsesjukepleiar migrasjonshelse

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Helse. Tilsetjing 100% prosjektstilling helsesjukepleiar, frå snarast/etter avtale
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Om stillinga

Gulen kommune lyser ut spanande prosjektstilling/mellombels stilling som helsesjukepleiar innan migrasjonshelse. Stillinga er knytt til eining helse, samt eining kultur og mangfald. Dette er ei 100% prosjektstilling/mellombels stilling med oppstart frå snarast/etter avtale, med varigheit eitt år fram. Moglegheit med forlenging i heile eller delar av stillinga etter endt periode.

Stillinga er plassert under Gulen helsestasjon med base i Eivindvik. Gulen helsestasjon er samlokalisert med Gulen helsesenter som husar helsesjukepleiarar, legar, koordinator og helsesekretærar. Gulen helsestasjon har i tillegg to utekontor, samt skulehelseteneste ved alle fire skulane. Det er tre helsesjukepleiarar i fulle stillingar i tenesta i dag.

Stillinga vil ha tverrfagleg samarbeid med fleire tenester i kommunen, der iblant Integreringstenesta, vaksenopplæringa, skule og barnehage.

Sjekk ut denne annonsen og søk då vel!


Arbeidsoppgåver
  • Vil vere retta mot flyktningar og familiegjenforeinte
  • Tett samarbeid med integreringstenesta
  • Helseundersøkingar/-kartlegging med oppfølgingsarbeid
  • Vaksinasjon
  • Førebyggjande helsearbeid individuelt og i gruppe
  • Psykososialt arbeid - sikre god integrering
  • Rådgjeving og rettleiing
  • Drive opplysingsarbeid og undervising
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Planlegge og organisere tiltak i samarbeid med andre faggrupper og etatar
  • Ordinære helsestasjonsoppgåver
  • Andre oppgåver kan kome til

Arbeidsoppgåver kan verte fordelt i tenesta etter kompetanse og behov


Kvalifikasjonar
  • Offentleg godkjent helsesjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Ynskjeleg med kunnskap og erfaring innan migrasjonhelse og helsestasjonsarbeid
  • Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbygging
  • Erfaring med bruk av tolk
  • Ynskjeleg med erfaring og interesse for foreldrerettleiing, til dømes ICDP
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

  • Har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i tverrfaglege team, samstundes kan arbeide sjølvstendig
  • Har evne til fleksibilitet og til å kunne bidra til gode løysingar
  • Er engasjert, tydeleg og trygg
  • Er strukturert og løysingsorientert
  • Har evne til å skape tillit, jobbe med endring og vere nyskapande
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing

Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk.
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det vert krevd utfyllande politiattes for tilsetjing innan barnevern.
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Me tilbyr
  • Spanande og varierte oppgåver i eit breidt og engasjert fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø. Høve til kreativitet og nytenking
  • Løn etter tariff
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Sektor
Offentlig
Sted
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
348728849
Sist endret
16. apr. 2024 11:09