Inaktiv

Velkommen som søkjar til

Arbeidsgiver
Gol kommune Gol skule
Stillingstittel
Lærarstilling ved Gol skule - 100 % fast
Frist
17.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Gol er ein kommune som satsar på barn og unge. Vi satsar på utdanning, innovasjon og forsking. Vi har både ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod i vidaregåande skule. Seinaste tilskot er Campus Hallingdal som tilbyr høgare utdanning innafor fleire område. Vi er einige om at: «det er samarbeid som former framtida».

Vi kan by på svært gode mogelegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har eit innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i regionen. Vi er handelssentrum i Hallingdal. På Gol finn du stort utval av butikkar og restaurantar. Gol ligg midt mellom øst og vest med kort veg både til Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som skapar god forbindelse mellom Gol og dei to største byane i Norge.

Gol skule stod ferdig i 2016 og er ein moderne skule som er tilpassa dagens undervisning. Vi er ein 1-10 skule med rundt 500 elevar og ca 90 tilsette

Vi søkjer lærar med undervisningskompetanse 1.- 7. trinn. Det er ønskeleg at søkjarar har erfaring og utdanning innanfor begynnaropplæring og kan ta på seg kontaktlæraransvar.

Kvalifikasjonar:
• Godkjent utdanning etter kapittel 14 i forskrift til Opplæringslova.

Vi ønsker at du:
• Er ein person med engasjement og interesse for barn og barn si utvikling.
• Har erfaring med inkluderande opplæring der det er plass til alle.
• Har evne til å inspirere og vise omsorg og er ein tydeleg vaksen med autoritative eigenskapar.
• Har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer.
• Er aktiv og fleksibel i samarbeidet med andre og vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
• Er positiv og har godt humør.

Vi tilbyr:
• Eit spennande og triveleg arbeidsmiljø.
• Eit moderne skulebygg tilpassa dagens undervisning.
• Ein organisasjon i utvikling.
• Varierte arbeidsoppgåver.

For stillinga gjeld:
• Kommunale løns- og arbeidsvilkår

Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Svøovegen 62, 3550 Gol
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
348726177
Sist endret
27. mai 2024 11:06