Inaktiv

Miljøvaktmeister

Arbeidsgiver
Ulstein kommune
Stillingstittel
Miljøvaktmeister
Frist
02.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søker deg som brenn for bustadsosialt arbeid.

UEKF søker ein miljøvaktmeister som skal rettleie og bistå innbyggarar i kommunale gjennomgangsbustadar, med hovudmål om å ivareta eit godt bumiljø. Du vil bli ein del av eit tverrfagleg og tverrsektorielt team tilhøyrande UEKF.

Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på stillinga.



Arbeidsoppgåver

  • Jobbe for eit godt bumiljø
  • Rettleie og bistå leigetakarar
  • Gjennomføre tilsyn i dei kommunale utleigebustadane
  • Følge opp brannverntiltak og internkontroll
  • Kontroll av bustadar ved inn- og utflytting
  • Utføre enkle utbetringar, mindre reparasjonar og vedlikehald

Kvalifikasjonar

  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode digitale kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er god på å kommunisere med menneske i ulike livssituasjonar
  • Du har god evne til å skape gode relasjonar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er engasjert, sjølvstendig, tek ansvar og har god arbeidskapasitet
  • Du er praktisk anlagt

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Varierande og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode forsikring- og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff/avtale

Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

Kontaktinformasjon

Paul Arne Ulstein, Dagleg leiar

Kristin Vik, Kommunalsjef, 95056613

Arbeidsstad

Sjøgata 63

6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein kommune



Referansenr.: 4797815141

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Annet, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
348723729
Sist endret
16. apr. 2024 07:36