Inaktiv

Prosjektleiar  for implementering av " Betre tverrfagleg innsats (BTI)"

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Prosjektleiar
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Osterøy kommune har fått tilskot frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn.

Osterøy kommune har prosjektorganisert dette arbeidet, og me søkjer deg som vil bidra som prosjektleiar.

Prosjektansvaret er lagt til eininga familiens hus i Osterøy kommune. I familiens hus finn du tenestene: Barn- og familieteamet, Helsestasjon Barnevern og PPT.

Stillingen er eit engasjement i 100 % frå 01.08.2024 fram til 31.12.2025 med moglegheit for vidareføring forutsett nye tilskotsmidlar.


Arbeidsoppgåver
  • Gjennomføre prosjektplan for implementering av samhandlingsmodell for “Betre tverrfagleg innsats (BTI)”
  • Leie ein prosjektgruppe og rapportering til styringsgruppe
  • Sørgje for medverking gjennom involvering av innbyggar og tenestemottakarar, medarbeidarar og leiarar , tillitsvalte og verneombod

Kvalifikasjonskrav
  • Relevant bachelorgrad innan helse, sosial eller pedagogisk utdanning eller annan relevant høgskuleutdanning
  • Kompetanse i systematisk og målretta prosjektarbeid
  • Dokumentert erfaring frå å leie utviklings- og endringsprosessar og/eller prosjekter
  • Det er eit krav om du har kunnskap om korleis kommunale tenester er organisert og fungerer
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr
  • Moglegheit for å være med å utvikle framtidas velferdstenester
  • Jobbe i eit bredt samhandlingsfelt med stort ansvarsområde
  • Varierte oppgåver og spanande utviklingsprosjekt
  • Offentleg tenestepensjonsordning
  • Løn etter gjeldande avtaleverk


Kven søkjer me?
  • Har leiareigenskapar og er vant til å jobbe prosjektrelatert
  • Er strukturert og målretta
  • Er samarbeidsorientert og en god relasjonsbygger
  • Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner, og må evne å tilpasse kommunikasjonen til ulike målgrupper, både internt i organisasjonen og til andre relevante aktørar

Sektor
Offentlig
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Ledelse, Prosjektledelse, Rådgivning
FINN-kode
348722971
Sist endret
16. apr. 2024 07:39