Inaktiv

Politioverbetjent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (PEL)

Arbeidsgiver
FEE-Avsnitt for etterforsking av drap og grov vald mot barn, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Politioverbetjent, politifaglig etterforskningsleder
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, seksjon for etterforskning av drap, vald og seksuallovbrot, avsnitt for etterforsking av drap og grov vald mot barn er det for tida ledig to eller fleire stillingar som politioverbetjent spesialist med funksjon som politifaglig etterforskningsleiar (stillingskode 0287). Stillinga er stadsplassert i Bergen.

Stillingane er underlagde avsnitt for etterforsking av drap og grov vald mot barn.

Seksjonen har som hovedfunksjon å leia etterforskinga i dei grovaste vald og seksuallovbrotsakene i heile politidistriktet. Vidare hjelpar eininga med spisskompetanse innan avhøyr i drap, grov vald mot barn, grove seksuallovbrot og andre av dei alvorlegaste vald og seksuallovbrotssakene i heile politidistriktet.

Avsnittet har fagansvar også for etterforsking i saknetsaker og grov vald mot barn.

Ein må pårekne noko reiseverksemd og overtid i samband med initialfasen av nye alvorlege straffesaker. Ein må og rekna med noko helgearbeid på felles straffesaksinntak.



Arbeidsoppgåver

  • Etterforsking i saker som er nevnt i lokal straffesaksinstruks pkt. 2.2 - voldslovbrudd (Strl. kap. 25)
  • Saksansvar og politifagleg etterforskingsleiing i tildelte saker i open og skjult fase, herunder sikre god styring og informasjonsinnhenting i sakstypar som er nemnde i lokal straffesaksinstruks
  • Saman med påtaleansvarleg prioritera etterforskingsskritt i straffesaker i tråd med hypotesar og bevistema og utarbeida etterforskingsplan
  • Benytte Indicia som arbeidsverktøy og følgje etterforskingsplanen frå politifaglig etterforskingsleiar
  • Utnytte tildelte ressursar i den enkelte sak effektivt
  • Styre etterforskinga gjennom prosjektmodulen i Indicia og sjå til at den blir utnytta effektivt
  • Medverka til at relevant spesialkompetanse blir kopla på etterforskinga ved behov
  • Medverka til god kvalitet og resultatoppnåelse i eigne saker
  • Yta fagleg rettleiing og medverka til systematisk erfaringslæring innan fagområde
  • Leie E-KO (etterforskings-ko) der dette er beslutta
  • Politifagleg etterforskningsleiar inngår i helgeturnus ved felles straffesaksinntak
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig

  • Krav om politiskule/politihøgskule
  • Tilfredstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor-eller mastergrad kan heile eller delar av kompetansekravet fråvikast.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentas ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Ønskeleg

  • Erfaring og/eller vidareeutdanning innan etterforsking og etterforskingsleiing blir vektlagt
  • Brei politifagleg erfaring, også inne operativt arbeid blir vektlagt
  • Erfaring frå etterforsking av saker innan avsnittets ansvarsområde blir vektlagt
  • Kunnskap om planleggings- og styringsverktøyet til politiet blir vektlagt
  • God IT- og systemkunnskap er ønskeleg
  • Rettleiingspedagogikk er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar med evne til å motivere medarbeidarane, setje retning, drive endring og bidra til
    god verksemdsutvikling
  • Evne å ta avgjerder og gjennomføre oppgaver under høgt arbeids og tidspress
  • Gode evner til samarbeid, leiing av etterforsking, kommunikasjon og relasjonsbyggjing
  • Evne til å arbeide systematisk
  • Være en aktiv deltager i å skape et godt samarbeidsklima
  • Samfunnsorientert med evne til å tenkje heilskap og forstå eininga si rolle i samfunnsoppdraget til
    politiet

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her

Me tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillingane vert lønna som politioverbejent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar, (stillingskode 0287) frå ltr 75/ 759.100 til ltr 78/821.100,- brutto per år
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
  • Bedrifthelseteneste

Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr: 24/50011

Kontaktinformasjon

Audun Hadler-Olsen, Avsnittsleiar, 906 13 189, audun.hadler-olsen@politiet.no

Spørsmål om CV og søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4771736855

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 01.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Annet, Politi, Saksbehandler
FINN-kode
348721271
Sist endret
16. apr. 2024 06:40