Inaktiv

ID 923 Barnehagelærar 100 % fast Svingen barnehage

Arbeidsgiver
Fitjar kommune
Stillingstittel
Barnehagelærer
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Frå 01.08.24 er det ledig ein fast 100 % stilling som barnehagelærar i Svingen barnehage


Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Barnehagen ligg like utanfor Fitjar sentrum, og har fire avdelingar med 58 barn til saman.


Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell. Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. Svingen barnehage har to fokusområde barnehageåret 2024-2025.


  1. Garden og lokal matproduksjon. Me ynskjer ha fokus på berekraftig utvikling kor me vil ta barna med på arbeidet i drivhuset vårt. Me ynskjer samstundes halda fram med arbeidet me starta førre barnehageår kor me blir betre kjend med lokale gardstradisjonar.
  2. <> -minke stressnivået til barna i dei ulike stega dei blir sendt ut i. Alle barna skal kjenna seg inkluderte uansett kva utfordringar dei har. Me skal jobba for at dei er trygge i overgangane og kan meistre dei nye utfordringar som kjem.

Me søkjer etter medarbeidarar som har:


  • 3-årig barnehagelærarutdanning
  • Kunne ta del i det pedagogiske arbeidet på avdelinga, og vera med på å motivera medarbeidarar til utvikling og målretta arbeid til det beste for barna
  • Godt humør og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å bidra til at barn opplever meistring og glede
  • Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig
  • Arbeidsglede, er fleksibel og viser god relasjonskompetanse
  • Evne og kunnskap til å engasjera deg i leiken på det nivået barnet treng deg
  • God IKT kompetanse

Me kan tilby:


  • Personleg og fagleg utvikling
  • Gode rammevilkår
  • Løn etter avtale

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.


Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.


Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Sektor
Privat
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
348721060
Sist endret
15. apr. 2024 01:27