Politioverbetjent med funksjon som avhøyrer/etterforskar

Arbeidsgiver
FEE-Avsnitt for etterforsking av drap og grov vald mot barn, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Politioverbetjent spesialist avhør
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, seksjon for etterforskning av drap, vald og seksuallovbrot, avsnitt for etterforsking av drap og grov vald mot barn er det for tida ledig ei eller fleire stillingar som politioverbetjent spesialist med funksjon som avhøyrer/etterforskar (stillingskode 0287). Stillinga er stadsplassert i Bergen.

Seksjonen har som hovedfunksjon å leia etterforskinga i dei grovaste vald og seksuallovbrotsakene i heile politidistriktet. Vidare hjelpar eininga med spisskompetanse innan avhøyr i drap, grov vald mot barn, grove seksuallovbrot og andre av dei alvorlegaste vald og seksuallovbrotssakene i heile politidistriktet.

Avsnittet har fagansvar også for etterforsking i saknetsaker og grov vald mot barn.

Stillingane er underlagde avsnitt for etterforsking av drap og grov vald mot barn.

Ein må pårekne noko reiseverksemd i heile politidistriktet. Ein må òg rekna med noko overtid i samband med initialfasen av nye alvorlege straffesaker.



Arbeidsoppgåver

  • Etterforsking i saker som er nevnt i lokal straffesaksinstruks pkt. 2.2 - voldslovbrudd (Strl. kap. 25)
  • Planleggja og gjennomføra avhøyr av sikta, vitne og fornærma i saker avsnittet har ansvar for i lokal straffesaksinstruks
  • Gjennomgang av digitale einingar og tenestekontoar
  • Utføre andre nødvendige etterforskingsoppgåver
  • Benytte Indicia som arbeidsverktøy og følgje etterforskingsplanen frå politifaglig etterforskingsleiar
  • Gi nødvendig fagleg rettleiing til etterforskarar i heile Vest pd. innan avhøyr, etter anvisning frå avsnittsleiar
  • Delta i systematisk erfaringslæring etter oppsett plan
  • Etterforskar inngår i helgeturnus ved felles straffesaksinntak
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Vitnemål fra politiskule/politihøgskule
  • Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidd innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved annan relevant bachelor- eller mastergrad (utover politiutdanning) kan heile eller deler av kvalifikasjonskravet fråvikast.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.

Ønskeleg

  • Erfaring frå etterforsking av saker innan avsnittets ansvarsområde blir vektlagt
  • Videreutdanning innen avhøyr av vaksne blir vektlagt
  • Videreutdanning innen etterforsking av alvorleg vald mot barn blir vektlagt
  • Erfaring frå gjennomgang av digitale einingar og tenestekontoar blir vektlagt
  • Erfaring med Indicia prosjektmodul og kan utnytta dette på ein effektiv måte er ønskeleg
  • Erfaring frå fleire fagfelt i politiet er ønskeleg
  • Rettleiingspedagogikk er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobba i etterforskingsteam og bidra til at etterforskinga blir faktabasert
  • Evne til å jobba strukturert og sjølvstendig, og med gode resultat - og gjennomføringsevner
  • Evne til å sjå ei sak frå fleire sider og jobba hypotesebasert i avhøyr
  • Evne til å skapa gode relasjonar og god kommunikasjon, som gjer at personar blir trygge i avhøyrssituasjonar
  • Være ein aktiv deltakar i å skapa eit godt samarbeidsklima
  • Samfunnsorientert og med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her

Me tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillingane vert lønna som politioverbetjent spesialist (stillingskode 0287) frå ltr 72 /720.100,- til ltr 75 /759.100,- brutto per år
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
  • Bedrifthelseteneste

Generelt

Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Referansenr: 24/55102

Kontaktinformasjon

Audun Hadler-Olsen, Avsnittsleder, 906 13 189, audun.hadler-olsen@politiet.no

Spørsmål om CV og søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4772167666

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 01.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Annet, Jurist, Saksbehandler
FINN-kode
348710325
Sist endret
16. apr. 2024 06:31