Inaktiv

Etterforsker politibetjent 3/2/1

Arbeidsgiver
NORDMØRE OG ROMSDAL - Hustadvika politistasjonsdistrikt, Møre og Romsdal politid
Stillingstittel
Etterforsker politibetjent 3/2/1
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi leitar etter ein dedikert politietterforskar med ein lidenskap for å løyse kriminalsaker og eit talent for samarbeid og kommunikasjon. Vi ønskjer nokon som kan bidra til eit positivt og effektivt arbeidsmiljø, og som trivst med å jobbe i team. Som ein del av politiet er det viktig å vere både modig og heilskapsorientert, samtidig som ein viser respekt og er tilgjengeleg for andre.

Vi verdset desse eigenskapane høgt når vi vurderer kandidatar til stillinga.

Vi kan tilby eit inkluderande arbeidsmiljø med varierte og spennande oppgåver. Etterforskinga er ein integrert del av strategien vår for å førebyggje kriminalitet. I periodar kan det vere nødvendig med arbeid innanfor vakt og beredskap, avhengig av behova til eininga.

Driftseininga Nordmøre og Romsdal omfattar områda Kristiansund, Smøla, Aure, Surnadal, Indre Nordmøre, Vestnes, Rauma, Molde og Hustadvika politistasjonsdistrikt. Stillinga er akkurat no organisert under Hustadvika politistasjonsdistrikt, med ein tenesteeiningsleiar og fleire medarbeidarar. I tillegg har vi tilsette frå andre einingar som jobbar ved Hustadvika politistasjondistrikt. Vakt- og beredskapstenesta for Hustadvika politistasjonsdistrikt blir utført av Molde politistasjon.

Søk no, og bli ein del av det dedikerte teamet vårt!



Arbeidsoppgåver

  • Etterforskingsoppgåver
  • Kriminalitetsførebyggjande arbeid
  • Krimvakt/publikumsmottak
  • Noko starksetterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • Oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
  • Det kan bli aktuelt med noko arbeid/støtteliste ved vakt og beredskap
  • Kan påleggsgast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Fullført og bestått politi(høg)skule. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema+phs
  • Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend
  • God munnleg og skriftleg formidlings- og kommunikasjonsevne

Ønskeleg:

  • Relevant erfaring frå politi- og lensmannsetaten blir vektlagt
  • Erfaring med etterforsking
  • Vidareutdanning innan etterforsking
  • Anna etter-/vidareutdanning frå politi(høg)skulen
  • Gode resultat frå utdanning ved politi(høg)skulen er ein fordel

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
  • Du har god gjennomføringsevne
  • Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er planmessig og ansvarsmedvite i arbeidet ditt
  • Du er tilpassingsdyktig

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
  • Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457)
  • Tilsetjing er avhengig av kompetanse,jf. kompetansekriteriene for politibetjenter
  • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 575 400 - kr. 635 400
  • Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 509 300 - kr. 565 900
  • Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 487 700 - kr. 532 200
  • Endeleg plassering av løn er avhengig av erfaring, kvalifikasjoner og ansiennitet
  • Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnustjeneste
  • Tilsetjing skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettgoda dine på www.spk.no/medlemskap-i-spk
  • Møre og Romsdal politidistrikt er knytt til bedriftshelseteneste

Kontaktinformasjon

Jorunn Grete Lyngstad Pettersen, Stasjonssjef, 48887254

Arbeidsstad

Torget 8

6440 Elnesvågen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt



Referansenr.: 4795133580

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 29.04.2024


Sted
Torget 8, 6440 Elnesvågen
Stillingsfunksjon
Annet, Sikkerhet, Politi
FINN-kode
348704230
Sist endret
16. apr. 2024 06:21