Inaktiv

Fengselsbetjentar/1078 Betjent

Arbeidsgiver
Ålesund fengsel
Stillingstittel
Fengselsbetjentar/1078 Betjent
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Ved Ålesund fengsel er det ledig fast 100 % stilling som fengselsbetjent. Vi har og behov for 1078 betjentar som har ynskje om å jobbe som tillkalling i mellombels stilling ved fengselet.

Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.

Ålesund søker 2 faste fengselsbetjenter i 100% stilling

Arbeidstida er i turnus med vakter morgon, ettermiddag, helg og natt.


Arbeidsoppgåver
  • avdelingsteneste i turnus med daglege oppgåver knytte til innsette
  • mottak og kontroll av alle inn og utgangar frå fengselet
  • følgetjeneste/vakthold
  • bistand med framstillingar
  • ta del i den faglege og sikkerheitsmessige utviklinga på fengselet
  • kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
  • vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga
  • arbeide etter måla i tildelingsbrevet
  • utøve tjenesten i henhold til lov-og regelverl på ein etisk forsvarleg måte slik at ro, orden og sikkerheit blir overholdt

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

For å kunne verte tilsatt som fengselsbetjent må du ha

  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førerkort klasse B, manuelt gir

Som 1078 betjent må du ha

  • bestått vidergåande og eller oppfylle krav for inntak til utdanningssenteter på KRUS
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god fysikk
  • førerkort klasse B, manuelt gir

Som 1078 betjent må du kvalifisere deg i 5 modular for fysisk maktanvending. Opplæringa blir gitt av godkjente instruktørar i Ålesund fengsel.


Personlege eigenskapar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobba sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
  • evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
  • takle og stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr
  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • godt arbeidsmiljø, trygge ledere og gode kollegaer
  • Stilllinga lønnast i stilingskode 0264 fengselsbetjent ltr 41-57 kr. 443 000- 557 100. 1078 betjent ( uten fengselskole) vert lønna ltr 25-41 kr. 374 000-443 000, innplassering etter ansiennitet. Stillinga er turnus og kompanserast med skifttillegg. I tillegg vert det kompensert for helg, kveld- og nattarbeid i høve til tariffavtaleverket.
  • Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Elinda Erstad fungerande fengselsleiar tlf. 70118343

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Kippervikgt. 16, 6003 Ålesund
Stillingsfunksjon
Annet, Sikkerhet
FINN-kode
348677572
Sist endret
26. apr. 2024 01:15