Helgestilling

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Sone BBD. Tilsetjing sjukepleiar helgestilling, frå snarast - 31.12.24
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Gulen kommune, for tida ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD), har ledig helgestilling, i inntil 20% vikariat, frå snarast til 31.12.24. Stillinga er knytt til avdeling Brekke.

Vi søkjer deg som er helsefagarbeidar, sjukepleiar og/eller vernepleiar. Andre kan også søkje og verte vurdert for tilsetjing dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar.

Kommunen har ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024.


Arbeidsoppgåver
  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar. Andre utan utdanning kan også søkje og verte vurdert dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar.
  • Førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar
  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna
  • Kommunen har innført ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest.
  • Søkjarar som etter utfylling av eigenerklæring vert pålagt å teste seg for MRSA/TBC, må framlegge negativ test før oppstart.
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
348676164
Sist endret
15. apr. 2024 01:15