Inaktiv

PPR

Arbeidsgiver
Øygarden kommune PPR
Stillingstittel
Logoped 100% fast
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Det vert no lyst ut etter logoped i 100% fast stilling, frå 12.08.2024.

Stillinga er plassert i PP-tenesta, og vil ha ein sentral plass i tenesta sitt arbeid med logopedisk rettleiing og oppfylging i barnehage og skule, samtaler med barn og unge, og sakkunnig utgreiingsarbeid. Vi legg vekt på å nytta den unike fagkompetansen til kvar enkelt medarbeidar. Satsingsområde og fagprofil er inkluderande pedagogikk og nyare utviklingspsykologi med fokus på relasjonar og samspel, førebygging, tidleg intervensjon og pedagogisk/psykologisk utviklingsarbeid.

Det tverrfaglege arbeidet vert tilrettelagt gjennom ulike samarbeidsorgan og team innan tenesta, og på tvers av tenester. BTI er eit viktig satsingsområde, saman med Språkkommunen og Trygg i Fellesskap, TIF. Kontorarbeidsplassen er sentralt på Straume og PPT er ute i einingar i heile kommunen. Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk.

Arbeidsoppgåver:

  • Logopedisk rettleiing og rådgiving til føresette, barnehage og skuler

  • Logopedisk oppfølging av barn i barnehagealder og elevar i grunnskulen

  • Rettleiing til føresette og tilsette i barnehage og skule

  • Arbeid med utgreiing: Utgreiing av språk og talevanskar, rapportskriving og deltaking i tilbakemeldingsmøter

  • Utgreiing/sakkunnig vurdering

  • Samarbeid internt og eksternt, deltaking i ulike team m.m.

  • Kontaktansvar for einingar

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Utdanning - Logoped/master i logopedi

  • Gode skriftleg framstillingsevne, administrasjonsspråket i Øygarden kommune er nynorsk

Ønskjeleg med:

  • Grunnskule- eller barnehagelærarbakgrunn

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og løysningsorientert

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og godt samarbeid i team

Anna:

  • Søkjar må kunne bruka eigen bil i tenesta

  • Stillinga krev gyldig politiattest

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • IA-bedrift

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer

  • Interessante utfordringar

  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Einingsleiar: Merete Nygård Ingebrigtsen

merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
348673680
Sist endret
15. apr. 2024 01:15