Tannlege

Arbeidsgiver
Førde tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannlege
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vestland tannhelseteneste - Førde tannklinikk har ledig eitt års 100% vikariat som tannlege frå sommaren/hausten 2024.

Førde, som er knytepunktet i Sunnfjord kommune, er den største byen i gamle Sogn og Fjordane, og ligg ein tre timar køyretur nord for Bergen. Sentrum er omringa av nydelege naturområde med sin nærleik til både fjell og fjord. Det er nydelege langrennsløyper, flotte toppturmogelegheiter, nytt klatresenter og gode idrettsmiljø der volleyball står spesielt sterkt i byen. Førde er ein by med stor utvikling og har alt av urbane tilbod med restaurantar, kafear, butikkar og kjøpesenter. Det er også sjukehus i Førde.

Tannklinikken har 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 6 tannhelsesekretærar, og flytta i 2023 inn i nye moderne flotte lokaler. Tannklinikken har TOO-arbeid, narkose på sjukehuset og arbeid på Barnehuset, og det er tenkt at det skal vere spesialistar ved tannklinikken etter kvart. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

Sunnfjord kommune

Sunnfjord som reisemål



Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må legge fram polititattest.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.

Vi søkjer deg som:

- likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- er positiv og serviceinnstilt
- har gode kommunikasjonsevner
- har gode samarbeidsevner
- har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- ønskjer å vere med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

- ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging av klinikkleiar og kollegaer
- løn etter avtale med ei minsteløn på 620 000,-
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar

Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25,2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på slik liste. Om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010

Arbeidsstad

Langebruvegen 76

6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4800058793

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 30.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Langebruvegen 76, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
348667861
Sist endret
15. apr. 2024 11:09