Inaktiv

Karriere som sjukepleiar i Helse Fonna? Sykepleier fra sommer 2024 ved medisinske avdelingar 

Arbeidsgiver
Klinikk for medisin Haugesund og Odda, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haugesund sjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som kan jobbe ved medisinsk avdeling

Stillingane ved den enkelte avdelinga kan du som får autorisasjon innan sommaren eller du som har autorisasjon frå før søke på.

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane: Mer info finner du også lenger nede i annonsa.

  • Lungepost
  • Hjertepost
  • Geriatrisk sengepost
  • Alderspsykiatrisk post
  • Gastro\nefro post
  • Nevrologisk post

Oppgi i søknad kva avdeling du søkjer. Oppstart vil være sommer eller høst 2024

Stillingane er i utgangspunktet 100%, men det er helt mogleg å jobbe i redusert stilling visst du heller ønsker det.




Arbeidsoppgåver

Lungeposten har 5 ledige stillingar
Posten tar imot og behandlar pasientar med samansatte og komplekse diagnosar . Vi tar imot og behandlar pasientar med lungesjukdom, hovedsaklig pasientar med lungebetennelse, KOLS, respirasjonssvikt og lungekreft. Lungepost er tilknytta lungepoliklinikken med høg aktivitet. Alle som jobbar i poliklinikken jobbar også i sengepost.

Hjerteposten har 5 ledige stillingar
Posten tar imot og behandlar akutt kritisk sjuke pasientar med samansette og komplekse diagnosar innanfor det indremedisinske fagfeltet. Hjerteposten er samlokalisert med Medisinsk intermediær overvaking (MIO) kor ein også behandlar pasientar med behov for overvaking. Det kan være pasientar med respirasjonsproblem, behov for respirasjonsstøtte, ketoacidose, intox, hjerneinfarkt mmHjertepost er tilknytta hjertepoliklinikken, der det også er høg aktivitet. Alle som jobbar i poliklinikken, jobbar også i sengepost.

Geriatrisk sengepost har ein ledig stilling
Posten har 8 heildøgnsplassar og er ei spesialeining der vi kartlegga og utgreier pasientar med samansatt sjukdomsbilde. Vi tar imot pasientar for utgreiing av fallrisiko, svimmelhet, hukommelsesvansker, akutt forvirring, akutt funksjonssvikt, infeksjonssjukdommar, polyfarmasi, ernæringsproblem, og andre generelle medisinske sjukdommar og tilstandar. Sengeposten dekker heile Helse Fonnas opptaksområde.
Sengeposten inngår i avdeling for eldremedisin som består av 3 sengepostar og 2 poliklinikkar.

Alderspsykiatrisk post har ein ledig stilling.
Posten er organisert under Eldremedisinsk Avdeling, Medisinsk klinikk og er ei utgreiingsavdeling for personar over 65 år med psykiske lidingar, kognitiv svikt og andre samansette problemstillingar.
Me er i eit positivt miljø og har det kjekt på jobb. Fagleg dyktige kollegaer som har fokus på tverrfaglighet, best mogleg behandling og omsorg for pasienten der heile menneske står sentralt. Du blir hjå oss ein del av spesialisthelsetenesta. Vi har fokus på å bygge kompetanse basert på erfaringar og fagleg utvikling. Hjå oss blir både pasienten og kolleger både sett og høyrd.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Hemato\endo\infeksjon har ein ledig stilling
Hemato/endo/infeksjon er ein medisinsk avdeling med 16 sengeplassar som består av tre fagfelt. Du kjem til å jobba innanfor alle områder. Her er det rom for stor fagleg og personleg utvikling. Me treng DEG, som ynskje å jobba på ein spennande og varierande avdeling i saman med energiske og flotte kollegaer.

Gastroenterlogisk og nyremedisinsk post har 2 ledige stillingar
Posten dekkjer to spesialfelt: gastroenterologi og nyremedisin. Som søkjar har du høvet til å leggje fram preferansane dine om kva fagfelt du ønskjer å fokusere primært på.Posten vår satsar sterkt på fagleg utvikling, og det blir tilbode fagdagar og moglegheiter for kursing for å auke din og fagkompetansen til avdelinga. Vi oppmodar til hospitering på avdelingar vi samarbeider tett med. Vidare er det også moglegheiter for vidareutdanning innan gastro- og nyresjukepleie om du skulle ønske det.
Dette er ei spennande avdeling som byr på utfordringar og hyggjelege, kompetente kollegaer. Det vil vere travle dagar, men også rolege dagar

Nevrologisk post har 2 ledige stillingar
Avdelingen vår består av poliklinikk, EEG-laboratorium og ein sengepost. På sengeposten har vi for tida 14 sengeplassar, 6 for slagpasientar og 8 for generell nevrologisk behandling. Vi legg vekt på akutt behandling og tidleg rehabilitering, og samarbeider tett med andre faggrupper som fysio- og ergoterapeutar, logopedar og meir. Arbeidet vårt byr på varierte dagar, nært samarbeid med gode kollegaer, og eit stort ansvar overfor både pasientar og deira pårørande."

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar\ eller vil få iløpet av våren 2024
  • Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
  • Du er pasientorientert og serviceinnstilt
  • Du er sjølvstendig og har stå-på-vilje
  • Du er god på kommunikasjon
  • Du er ivrig og lærevillig
  • Du er fleksibel

Vi tilbyr

  • Opplæringsvakter
  • Gode støttefunksjoner
  • Varierte oppgaver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Toril Førland, Funksjonsleiar, +47 99009179

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4798566650

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
17
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
348662135
Sist endret
06. mai 2024 07:51