Tilretteleggjar VTA til våre produksjonsavdelingar.

Arbeidsgiver
Kvito AS
Stillingstittel
Tilretteleggjar VTA til våre produksjonsavdelingar
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tilretteleggjar VTA til våre produksjonsavdelingar i Kviteseid og Vinje


· Vi søker etter ein allsidig person som både er praktisk og kan bistå våre VTA-tilsette på ulike områder med tilrettelegging av arbeidskvardagen. Stillingsbenevnelsen er tilrettelggjar og storleiken på stillinga er i utganspunktet 100%. Vi ser etter eit omstillingsdyktig menneskje som kan jobbe på fleire ulike lokasjonar. Det er viktig at du trivst med fysisk arbeid og likar å jobbe utandørs om det er behov for dette. Fagbrev innanfor ulike yrkesfag kan være ein fordel då vi jobbar med kvalifisering og kompetanseheving av blant anna ungdom.


Kvito sin visjon er "Arbeidsglede" og vårt verdi-grunnlag er tillit, toleranse og tryggleik.


Før tilsetting må det kunne framleggas politiattest.


Hovudoppgåver


Kvito as tilbyr menneske med ulike behov ein tilrettelagt arbeidsplass. Stillinga har som hovudansvar å tilrettelegge arbeidsoppgåver for våre VTA-tilsette i bedrifta, slik at dei opplever utvikling og meistring. I dette ligg at du har ansvar for utforming av arbeidsplassen slik at våre VTA-tilsette kan utføre arbeidsoppgåvene. Tilretteleggjar har også ansvar for å sørge for eit godt arbeidsmiljø og kvalitet i tenestene.


Kvalifikasjonskrav


Praktiske ferdigheiter/erfaring vil vektleggast


Gode samarbeidsevner


Evne og erfaring med å arbeide med ei variert gruppe av menneskjer med ulike behov og ferdigheits nivå


Krav til sertifikat klasse B


Ønskeleg med sertifikat klasse T og truckførarbevis.


Stor fordel med kjennskap til digitale samhandlingsverktøy.


Personleg eignaheit vil bli vektlagt.


Vi tilbyr


Ein krevjande, men spannande og meiningsfull jobb.


Inkluderande arbeidsmiljø


Gode påverkingsmoglegheiter


God pensjonsordning


Lønn etter avtale


Gode moglegheiter for kompetanseheving og etterutdanning


Arbeidsstad: Vinje og Kviteseid.


Vi gjer merksam på at det er krav om politiattest ved tilsetting. Denne skal ikkje leggast ved søknaden.


Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Søknadsfrist: 01. mai. 2024.


Søknad med CV sender du til dagleg leiar Torbjørn Blichfeldt Dyrland på e-post: torbjorn.dyrland@kvito.no


Ynskjer du meir informasjon om stillinga kan du ringe dagleg leiar


på tlf: 93261670

Sektor
Privat
Sted
Dalsvegen 28, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Annet, Håndverker, Helsepersonell
FINN-kode
348499030
Sist endret
17. apr. 2024 05:02