Universitetsmuseet søker Kunnskapsvertar – deltid

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Universitetsmuseet søker Kunnskapsvertar – deltid
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Universitetsmuseet søker Kunnskapsvertar – deltid

Ein draumejobb for deg som nyfiken, omgjengeleg og liker å kommunisere!
Vil du jobbe med publikum ved Universitetsmuseet i Bergen? Vi har ledig fire (4) deltidsstillingar som kunnskapsvertar (konsulent 1065) knytt til Avdeling for forskingskommunikasjon og -formidling (AFF) frå juni 2024.

Kunnskapsvertane bemannar Universitetsmuseet, Naturhistorie som ligg på Muséplassen 3. Museet inneheld utstillingar og areal som er eigna til museumsbasert forskingskommunikasjon, undervisning, og større arrangement. Universitetsmuseet er ein viktig møteplass for akademia og samfunn og avdelinga skal gjennom ulike format og metodar kommunisere frå forskinga ved Universitetsmuseet og Universitetet i Bergen.

Kunnskapsvertar
Kunnskapsvertane er Universitetsmuseet sitt ansikt i møte med publikum. I rolla som kunnskapsvert skal du bidra til at dei besøkande får ei god og kunnskapsbasert oppleving når dei vitjar museet. Du vil få moglegheit til å førebu og gjennomføre ulike typar arrangement, undervisning for skuleverket, byggje modulbaserte utstillingar, jobbe med butikk og gjere anna musealt arbeid som skal til for å skape ei flott museumsoppleving for dei som vitjar Universitetsmuseet, Muséplassen 3. Du vil få opplæring i det du treng for å fylla rolla som kunnskapsvert.

Stillingane lar seg kombinere med studiar og vi oppmodar studentar til å søkje. Arbeidsdagar er i hovudsak tysdag til laurdag kl. 09:45-16:15 og søndag kl. 10:45-17:15.

Vi lyser ut fire (4) stillingar på 17,33%. Dette tilseier at du jobbar 6.5 timar i veka. I desse stillingane vil ein hovudsakleg arbeide i utstillingane.

Som kunnskapsvert må du pårekna at det vil bli ekstraarbeid etter avtale i samband med arbeid som førebuingar til og gjennomføring av undervisning for skuleverket, arrangement, utstillingar og anna. Det vil også bli ekstratimar etter avtale i form av helge- og kveldsarbeid med gjennomføring av arrangement og andre aktivitetar. Dersom museets opningstid vert endra, blir stillingsprosenten endra tilsvarande.

Kunnskapsvertane rapporterer til nærmaste leiar i Avdeling for forskingskommunikasjon og formidling.


Arbeidsoppgåver for kunnskapsvertar:
  • Gje publikum ei spennande, unik og lærerik oppleving
  • Vere i dialog med publikum om vitskapeleg kunnskapsproduksjon
  • Patruljere og ha evakueringsansvar ved publikumsområda i Muséplassen 3
  • Holde undervisningsopplegg tilrettelagt for barnehagar og skuleklassar
  • Ta del i å førebu og gjennomføre arrangement
  • Ta del i å byggje midlertidige utstillingar
  • Anna musealt arbeid etter avtale

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Krav til stillinga:

  • Du må minst vere i ferd med å fullføre ein bachelorgrad, fortrinnsvis ved UiB eller tilsvarande
  • Du må vere ein dyktig formidlar som likar forskingsbasert kunnskap
  • Erfaring frå og interesse i drama, undervisning, formidling, forskingskommunikasjon eller tilsvarande
  • Du må vere løysingsorientert og praktisk anlagt
  • Du må jobbe godt i team
  • Du må meistre engelsk og norsk flytande

Andre kvalifikasjonar som blir vektlagt:

  • Erfaring med å stå i butikk
  • Erfaring frå serviceyrke
  • Erfaring med å handtere og vere ansvarleg for ulike grupper menneske
  • Utdanning innan naturvitskap

Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som konsulent (kode 1065) med årslønn kr. 448 900 – 460 600 brutto årleg i 100% stilling i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: vertsansvarleg Aisha Marie Heim, telefon 922 56 901, e-post: aisha.heim@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Intervju:
Intervjuprosessen har to rundar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til gruppeintervju 21. eller 22. mai der ein får prøve seg i ulike rollar som ein kunnskapsvert skal kunne meistre. Dei som går vidare etter denne runden vert kalla inn til eit individuelt intervju.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Universitetsmuseet i Bergen, Muséplassen 3, 5020 Bergen
Stillingsfunksjon
Annet, Undervisning og pedagogikk, Kundeservice
FINN-kode
348214675
Sist endret
15. apr. 2024 06:30